Studentmållaget i Oslo

Her er du: Studentmållaget i Oslo > Bibelen > Det Gamle Testamentet > Andre Mosebok

Andre Mosebok

1. kapitlet

1 No skal de få høyra namni på Israels-sønerne som kom til Egyptarland; med Jakob kom dei, kvar med sin huslyd:

2 Ruben og Simeon og Levi og Juda,

3 Issakar og Sebulon og Benjamin,

4 Dan, Naftali, Gad og Asser.

5 Med alle i hop var det sytti mann som var ætta frå Jakob; Josef han var no alt i Egyptarland.

6 Og Josef døydde, og alle brørne hans, og heile den ætti.

7 Men Israels-folket muna og voks og auka og vart uhorveleg mannsterke, so dei fyllte heile landet.

8 Då kom det ein ny konge i Egyptarland, som ikkje visste noko um Josef.

9 Og han sagde med folki sine: «Sjå, Israels-lyden er større og sterkare enn me.

10 Lat oss no fara klokt fram, so dei ikkje skal aukast so mykje! For kjem det ufred, so kunde dei gjerne slå seg i hop med uvenerne våre, og strida mot oss, og fara or landet!»

11 So sette dei futar yver deim, som skulde plåga deim med tungarbeid, og dei laut byggja tvo byar med varehus for Farao; det var Pitom og Ramses.

12 Men di meir dei plåga deim, di meir auka dei, og di meir breidde dei seg ut, og egyptarane tok til å fæla for Israels-folket.

13 Soleis nøydde dei no Israels-folket til å træla for seg,

14 og gjorde livet surt for deim med hardt arbeid i leirtaki og tiglverki og med allslags jordarbeid: alt arbeidet dei vilde ha gjort, det truga dei deim til å gjera.

15 Og kongen i Egyptarland sagde til dei hebraiske ljosmøderne - den eine av dei heitte Sifra og den andre Pua -:

16 «Kvar gong de hjelper ei hebraisk barnsengkona,» sagde han, «so skal de sjå i fødestolen: Er det son ho hev fenge, so drep honom! er det dotter, so må ho liva.»

17 Men ljosmøderne hadde age for Gud, og gjorde ikkje som kongen i Egyptarland sagde, men let småsveinarne liva.

18 Då kalla kongen ljosmøderne fyre seg, og sagde med deim: «Kvi gjer de dette og let sveinborni liva?»

19 «Dei hebraiske konorne er ikkje som dei egyptiske,» svara ljosmøderne; «dei er sterkare; innan ljosmori kjem, hev dei fenge barnet.»

20 Då gjorde Gud vel imot ljosmøderne; og folket auka, og vart ovleg mangment.

21 Og for di ljosmøderne hadde age for Gud, so gav han deim ætt og avkjøme.

22 Men Farao sende bod utyver til heile folket sitt og sagde: «Kvar son som kjem til verdi, skal de kasta i elvi; berre døtterne skal de lata liva!»

2. kapitlet

1 So var det ein mann av Levi-ætti som gjekk av og tok seg ei kona, og ho var og av Levi-ætti.

2 Og kvinna vart umhender, og åtte ein son. Ho tykte det var so vent eit barn, og løynde honom i tri månader;

3 då kunde ho ikkje få løynt honom lenger. So fann ho ei røyrkista til honom; den brædde ho med jordbik og tjøra, og so lagde ho sveinen upp i, og sette kista i sevet attmed elvebarden;

4 og syster hans stod eit stykke undan, og skulde sjå korleis det gjekk med honom.

5 Då kom dotter åt Farao ned åt elvi, og vilde lauga seg, medan møyarne hennar gjekk att og fram på elvbakken. Ho gådde kista i sevet, og sende terna si etter henne.

6 So hadde ho upp loket, og såg barnet; «nei sjå!» sagde ho, «ein liten svein som ligg og græt!» Og ho tykte synd i honom og sagde: «Det er eit av hebræarborni:»

7 Då sagde syster hans med dotter åt Farao: «Skal eg ganga og finna deg ei hebræarkona som gjev brjost, so ho kann fostra upp barnet for deg?»

8 «Gjer so!» svara kongsdotteri. So gjekk gjenta og henta mor åt barnet.

9 Og kongsdotteri sagde til henne: «Tak denne sveinen og fostra honom upp for meg! Eg skal løna deg for det.» So tok kona sveinen, og fostra honom upp.

10 Og då han vart stor, gjekk ho til kongsdotteri med honom, og han vart som son hennar. Ho kalla han Moses; «for eg hev teke honom upp or vatnet,» sagde ho.

11 So leid tidi fram til Moses var vaksen. Då var det ein gong han gjekk ut til landsmennerne sine, og såg korleis dei laut slita og slæpa, og so fekk han sjå ein egyptar som slo ein hebræar, ein av landsmennerne hans.

12 Då såg han vel ikring seg, men vart ikkje var nokon, og so slo han egyptaren i hel, og grov honom ned i sanden.

13 Den andre dagen gjekk han ut att, og såg tvo hebræarar som heldt på og slost. Då sagde han med den som hadde skuldi: «Kvi slær du landsmannen din?»

14 «Kven hev sett deg til hovding og domar yver oss?» svara han; «tenkjer du på å drepa meg, som du drap egyptaren?» Då vart Moses rædd, og sagde med seg sjølv: «Hev det alt kome upp!»

15 Då Farao fekk spurt det, freista han å få drepe Moses. Men Moses rømde for Farao, og stana ikkje fyrr han var i Midjanlandet; der sette han seg ned attmed ein brunn.

16 Presten i Midjan hadde sju døtter; og dei kom og auste upp vatn, og fyllte trørne, og vilde brynna småfeet åt far sin.

17 Men so kom det nokre hyrdingar og jaga deim ifrå. Då reis Moses upp og hjelpte deim, og brynnte buskapen deira.

18 Då dei kom heim att til Re’uel, far sin, sagde han: «Korleis hev det seg at de kjem so tidleg i dag?»

19 «Ein egyptar kom og hjelpte oss mot hyrdingarne,» svara dei; «og so auste han upp vatn for oss, og brynnte buskapen.»

20 Då sagde Re’uel med døtterne sine: «Kvar er han so? Kvi let de då mannen vera att ute? Bed honom inn, so han kann få seg mat!»

21 Moses vart huga til å vera hjå mannen, og han let Moses få Sippora, dotter si.

22 Ho åtte ein son, og Moses kalla honom Gersom; «for eg hev fenge heimvist i eit framandt land,» sagde han.

23 Som no dagarne leid og tidi skreid, so døydde kongen i Egyptarland. Men Israels-folket sukka for trældomen og let ille, og naudropi deira steig upp til Gud.

24 Og Gud høyrde korleis dei sukka og stunde, og Gud mintest sambandet sitt med Abraham og Isak og Jakob.

25 For Gud hadde auga med Israels-borni, og Gud visste korleis til stod.

3. kapitlet

1 Moses han gjætte no buskapen åt Jetro, verfar sin, presten i Midjan. So var det ein gong han for langt atti heidi med fenaden, då kom han til Gudsfjellet, til Horeb.

2 Der synte Herrens engel seg for honom i ein eldsloge, som slo beint upp or ein klungerrunne; han såg at runnen stod i ljos loge, men klungeren brann ikkje upp.

3 Då tenkte Moses med seg: «Eg vil ganga innåt og sjå dette store underet, kvifor klungeren ikkje brenn upp.»

4 Då Herren såg at han kom innåt og vilde sjå, so ropa Gud til honom utor klungerrunnen: «Moses, Moses!» Og han svara: «Ja, her er eg.»

5 Då sagde han: «Kom ikkje næmare! Hav av deg skorne! For staden du stend på, er heilag jord.»

6 Og han sagde: «Eg er far din’s Gud, Abrahams Gud og Isaks Gud og Jakobs Gud.» Då løynde Moses andlitet sitt, for han torde ikkje sjå på Gud.

7 Og Herren sagde: «Eg hev set kor vondt folket mitt hev det i Egyptarland, og høyrt klageropi deira yver futarne; eg veit kva dei lid.

8 Og no hev eg stige ned, og vil fria deim ut frå egyptarane og føra deim ut or dette landet, til eit godt og vidt land, til eit land som fløymer med mjølk og honning, der som kananitarne er og hetitarne og amoritarne og perizitarne og hevitarne og jebusitarne.

9 For no hev naudropet frå Israels-borni nått upp til meg, og eg hev og set korleis egyptarane trugar og plågar deim.

10 Gakk no du til Farao med bod frå meg, og før folket mitt, Israels-borni, ut or Egyptarland!»

11 Då sagde Moses til Gud: «Er eg den mann, at eg kann ganga til Farao, og kann eg føra Israels-borni ut or Egyptarland?»

12 Og han sagde: «Ja, for eg skal vera med deg! Og det skal du hava til merke på at det er eg som hev sendt deg: Når du hev ført folket ut or Egyptarland, so skal de halda gudstenesta på dette fjellet.»

13 Då sagde Moses til Gud: «Men når eg no kjem til Israels-borni og segjer med deim: «Fedreguden dykkar hev sendt meg til dykk,» og dei so spør: «Kva er namnet hans?» kva skal eg då svara deim?»

14 Og Gud sagde til Moses: «Eg er den eg er! So skal du svara Israels-borni,» sagde han: «Han som heiter «Eg er», hev sendt meg til dykk.»

15 Og endå sagde Gud det til Moses: «So skal du segja til Israels-borni: «Herren, fedreguden dykkar, Abrahams Gud og Isaks Gud og Jakobs Gud, hev sendt meg til dykk. Det skal vera namnet mitt i all æva, og so skal dei kalla meg ætt etter ætt.»

16 Gakk no du, og samla i hop dei øvste i Israel, og seg med deim: «Herren, fedreguden dykkar, Abrahams Gud og Isaks Gud og Jakobs Gud, hev synt seg for meg og sagt: Eg hev havt auga med dykk og veit korleis dei fer åt med dykk i Egyptarland.

17 Og eg sagde: «Eg vil fria dykk ut or alt det vonde de lid i Egyptarland, og fylgja dykk fram til landet åt kananitarne og hetitarne og amoritarne og perizitarne og jebusitarne, eit land som fløymer med mjølk og honning.»

18 Og dei skal gjeva gaum etter ordi dine, og so skal du ganga fram for kongen i Egyptarland, du og dei øvste i Israel, og de skal segja med honom: «Herren, Hebræarguden, hev møtt oss! Gode, gjev oss lov til å fara tri dagsleider ut i øydemarki og ofra til Herren, vår Gud!»

19 Men eg veit at kongen i Egyptarland ikkje gjev dykk lov til å fara, ikkje um han so fær kjenna ei sterk hand yver seg.

20 So vil eg då lyfta handi mi, og slå egyptarane med alle underi mine, som eg vil gjera midt imillom deim, og då skal dei sleppa dykk.

21 Og eg vil gjera det so at egyptarane fær godvilje for dette folket, so de ikkje skal fara tomhendte, når de fer;

22 men kvar kona skal beda grannekona si, eller den ho bur i hus med, um sylv og gull og helgeklæde, og det skal de lata sønerne og døtterne dykkar hava på seg; det skal vera herfanget de tek av egyptarane.»»

4. kapitlet

1 Då svara Moses og tok so til ords: «Dei vil visst ikkje tru meg og ikkje lyda på meg, men berre segja at Herren ikkje hev synt seg for meg.»

2 «Kva er det du hev i handi?» spurde Herren. «Ein stav», svara han.

3 «Kasta honom på jordi!» sagde Herren. So kasta Moses staven på jordi; då vart han til ein orm, og Moses rømde for honom.

4 «Rett ut handi og grip han i sporden!» sagde Herren. So rette han ut handi, og treiv ormen, og då vart han til ein stav att i handi hans.

5 «No lyt dei vel tru, at Herren, fedreguden deira, hev synt seg for deg, Abrahams Gud og Isaks Gud og Jakobs Gud!»

6 Og endå sagde Herren til honom: «Stikk handi di i barmen!» So stakk han handi i barmen, og drog henne ut att, og då han skulde sjå til, so var handi hans spilt og kvit som snø.

7 Då sagde Herren: «Stikk handi di i barmen endå ein gong!» So stakk han handi i barmen, og då han drog henne ut or barmen, då var ho like god att, og hadde same liten som fyrr.

8 «Um dei no ikkje trur deg, og ikkje agtar på det fyrste teiknet, so trur dei då visst på det andre teiknet,» sagde Herren;

9 «men trur dei ikkje på noko av desse tvo teikni, og vil dei ikkje lyda på deg, so skal du taka vatn or elvi og ausa upp på turre marki; og vatnet som du tek or elvi, det skal verta til blod, med det same det kjem på marki.»

10 Men Moses sagde til Herren: «Orsaka meg, Herre! Eg hev aldri vore nokon munnfør mann, korkje fyrr, eller sidan du tok til å tala med tenaren din; eg er både tungmælt, og eg er taugmælt.»

11 Då sagde Herren til honom: «Kven er det som gjev menneskja munnen? Og kven er det som gjer mållaus eller dauv eller klårsynt eller blind? Er ikkje det eg, Herren?

12 Gakk no berre, og eg skal vera med munnen din og lære deg kva du skal tala.»

13 «Å Herre, eg bed for meg!» svara Moses, «send heller ein annan med det bodet!»

14 Då vart Herren harm på Moses, og sagde: «Er ikkje Aron av Levi-ætti, bror din? Han, veit eg, kann tala. Og rett no kjem han og møter deg, og når han ser deg, so vert han hjarteleg glad.

15 Honom skal du tala til og leggja ordet i munnen hans, og eg skal signa både din munn og hans munn, og læra dykk kva de skal gjera.

16 Han skal tala til folket for deg, og vera liksom munnen din, og du skal vera som ein Gud for honom.

17 Og denne staven skal du hava i handi; den er det du skal gjera underi med.»

18 So gjekk Moses, og då han kom heim att til Jetro, verfar sin, sagde han med honom: «Kjære deg, lat meg fara attende til skyldfolket mitt i Egyptarland, og sjå um dei liver endå.» Og Jetro svara: «Far i fred!»

19 I Midjan sagde Herren til Moses: «Tak no i veg, og far attende til Egyptarland! For no er dei burte alle dei som leita etter deg og vilde taka livet ditt.»

20 So tok Moses kona si og sønerne sine og sette deim på asnet, og for attende til Egyptarlandet; og gudsstaven hadde han i handi.

21 Og Herren sagde til Moses: «Når du kjem attende til Egyptarland, so kom i hug at du gjer alle dei underi som eg hev lagt i henderne dine, so Farao ser på det. Men eg vil gjera honom strid i hugen, so han ikkje let folket fara.

22 Då skal du segja med Farao: «So segjer Herren: «Israel er son min, den eldste av sønerne mine.

23 Og eg sagde til deg: «Lat son min fara, so han kann tena meg!» Men du vilde ikkje lata honom fara. Sjå difor vil eg no slå i hel din son, den eldste av sønerne dine.»»»

24 Då dei var no på vegen komne, og hadde roa seg til natti, kom Herren yver honom og lest vilde drepa honom.

25 Då tok Sippora ein kvass stein, og skar av huveholdet på son sin, og kasta det framfor føterne hans Moses, og sagde: «Du er meg ein blodbrudgom, du!»

26 So let han honom vera. Det var umskjeringi ho tenkte på, då ho sagde «blodbrudgom».

27 Og Herren sagde til Aron: «Gakk ut i øydemarki, so møter du Moses!» So gjekk han, og råka Moses innmed Gudsfjellet, og kysste honom.

28 Og Moses sagde med Aron kva ærend og ord Herren hadde sendt honom med, og kva teikn han hadde sett honom til å gjera.

29 So gjekk Moses og Aron, og samla i hop alle dei øvste av Israels-folket.

30 Og Aron bar fram alle dei ordi som Herren hadde tala til Moses, og gjorde teikni, so folket såg på det.

31 Og folket trudde; og då dei høyrde at Herren var komen og vilde lydast til Israels-borni, og at han hadde set kva vande dei var i, so lagde dei seg på kne og bad.

5. kapitlet

1 Sidan gjekk Moses og Aron fram for Farao og sagde: «So segjer Herren, Israels Gud: «Lat folket mitt fara, so dei kann halda høgtid for meg i øydemarki!»»

2 Då sagde Farao: «Kva er det for ein «Herre» som eg skal lyda, og lata Israel fara? Eg kjenner ikkje den «Herren», og eg vil ikkje lata Israel fara heller.»

3 «Hebræarguden hev møtt oss!» svara dei. «Gode, gjev oss lov å fara tri dagsleider ut i øydemarki og ofra til Herren, vår Gud, so han ikkje skal koma yver oss med sott eller sverd!»

4 Då sagde egyptarkongen til deim: «Moses og Aron, kvi hefter de folket burt frå det dei hev å gjera? Gakk til arbeidet dykkar!

5 De ser kor mykje folk her er i landet no,» sagde Farao, «og so vil de lokka deim til å leggja ned arbeidet sitt!»

6 Og same dagen sagde Farao det til futarne og formennerne for arbeidsfolket:

7 «Heretter skal de ikkje gjeva folket halm til mursteinen, som de fyrr hev gjort. Dei skal sjølve ganga og sanka seg halm.

8 Men like mykje murstein skal de krevja av deim no som fyrr; de skal ikkje slå av på talet. For dei er late; difor skrik dei og segjer: «Me vil av og ofra til Guden vår.»

9 Legg tyngre arbeid på kararne, so dei hev nok å gjera, og ikkje fer etter lygjerødor!»

10 So gjekk futarne og arbeidsformennerne ut, og sagde til folket: «So segjer Farao: «Eg gjev dykk ikkje halm lenger.

11 Gakk sjølve og finn dykk halm kvar de kann! Men i arbeidet dykkar fær de ikkje noko avslag.»»

12 Då spreidde folket seg utyver heile Egyptarland, og sanka helma til å bruka i staden for halmen.

13 Men futarne dreiv på og sagde: «Gjer arbeidet dykkar ferdigt, fullt dagsverk til kvar dag, som då de hadde halm for hand!»

14 Og arbeidsformennerne som futarne åt Farao hadde sett yver Israels-folket, fekk hogg, og futarne sagde: «Kvi hev de ikkje gjort ifrå dykk ålaget dykkar anten i går eller i dag, som de fyrr gjorde?»

15 Då gjekk arbeidsformennerne til Farao, og kjærde seg for honom og sagde: «Kvi fer du soleis med tenarane dine?

16 Halm fær me ikkje, og like vel segjer dei til oss: «Gjer murstein!» Og so fær me hogg, endå det er dine folk som hev skuldi.»

17 Men han sagde: «Late er de, late! Difor segjer de: «Me vil av og ofra til Herren!»

18 Gakk no av og arbeid! Og halm fær de ikkje, men mursteinen skal de greida, talet fullt!»

19 Arbeidsformennerne vart ille ved, då dei fekk høyra dei ordi: «De fær ikkje noko avslag på mursteinen dykkar, fullt dagsverk til kvar dag!»

20 Då dei kom ut att frå Farao, møtte dei Moses og Aron, som stod og venta på deim.

21 Då sagde dei med deim: «Herren setje augo på dykk, og late dykk få like for di de hev gjort Farao og mennerne hans hatige på oss, og gjeve deim sverdet i handi til å drepa oss med!»

22 Og Moses vende seg atter til Herren og sagde: «Herre, kvi fer du so ille med dette folket? Kvi hev du då sendt meg?

23 For alt ifrå den stund eg gjekk fram for Farao og tala i ditt namn, hev han ikkje gjort anna enn vondt mot dette folket, og du hev ikkje hjelpt folket ditt ein grand.»

6. kapitlet

1 Då sagde Herren til Moses: «No skal du sjå, kva eg vil gjera med Farao: Ei sterk hand skal nøyda honom til å sleppa deim, og for den same sterke handi skuld skal han jamvel driva deim ut or landet sitt.»

2 Og Gud tala endå meir til Moses, og sagde med honom: «Eg er Herren.

3 Eg synte meg for Abraham, og for Isak, og for Jakob, og nemnde meg Gud den Allvelduge, men dette namnet mitt, Herren, gjorde eg ikkje kunnigt for deim.

4 Og eg gjorde eit samband med deim: eg lova å gjeva deim Kana’ans-landet, det landet dei heldt til i, då dei ferdast på jordi.

5 Og no hev eg høyrt, korleis Israels-borni sukkar og styn, av di egyptarane held deim i trældom, og eg minnest kva eg hev lova.

6 Seg no med Israels-borni: «Eg er Herren; eg vil taka av dykk dei tunge byrderne de ber for egyptarfolket, og løysa dykk or trældomen dei held dykk i, og fria dykk ut med fast arm og strenge domar;

7 eg vil gjera dykk til mitt folk, og vera dykkar Gud, og de skal sanna at eg er Herren, dykkar Gud, som tek av dykk dei tunge byrderne de ber for egyptarfolket.

8 Og eg vil føra dykk til det landet som eg rette handi i veret på at eg vil gjeva Abraham og Isak og Jakob, og det vil eg gjeva dykk til eiga, eg, Herren.»»

9 Og Moses sagde det med Israels-borni, men dei høyrde ikkje på honom, av di dei var modlause og laut træla so hardt.

10 Då tala Herren til Moses, og sagde:

11 «Gakk fram for Farao, egyptarkongen, og seg med honom, at han skal lata Israels-borni fara ut or landet sitt!»

12 Og Moses svara og tok so til ords, der han stod fram for augo åt Herren: «Du ser Israels-borni vil ikkje høyra på meg; er det då ventande at Farao skulde lyda etter det eg segjer, eg som er so valen på munnen!»

13 Soleis tala Herren til Moses og Aron, og sende deim til Israels-mennerne og til Farao, egyptarkongen, med det bodet at dei skulde fylgja Israels-folket ut or Egyptarland.

14 No skal de høyra kva ættefederne deira heitte: Sønerne åt Ruben, eldste son åt Israel, det var Hanok og Pallu, Hesron og Karmi. Frå deim er Rubens-ætterne komne.

15 Sønerne åt Simeon var Jemuel og Jamin og Ohad og Jakin og Sohar og Saul, som var son åt ei Kana’ans-kvende. Frå deim er Simeons-ætterne komne.

16 So er namni på sønerne åt Levi med ættgreinerne deira: Gerson og Kahat og Merari. Og livedagarne åt Levi vart hundrad og sju og tretti år.

17 Sønerne åt Gerson var Libni og Sime’i med ættgreinerne deira.

18 Sønerne åt Kahat var Amram og Jishar og Hebron og Uzziel. Og livedagarne åt Kahat vart hundrad og tri og tretti år.

19 Sønerne åt Merari var Mahli og Musi. Dette var federne åt Levi-ætterne etter ættartalet deira.

20 Amram tok Jokebed, farsyster si, til kona, og dei fekk sønerne Aron og Moses. Og livedagarne åt Amram vart hundrad og sju og tretti år.

21 Sønerne åt Jishar var Korah og Nefeg og Zikri.

22 Sønerne åt Uzziel var Misael og Elsafan og Sitri.

23 Aron tok Eliseba til kona; ho var dotter åt Amminadab og syster åt Nahson; og dei fekk sønerne Nadab og Abihu, Eleazar og Itamar.

24 Sønerne åt Korah var Assir og Elkana og Abiasaf. Frå deim er Korah-ætterne komne.

25 Eleazar, son åt Aron, tok ei dotter åt Putiel til kona, og dei fekk sonen Pinehas. Dette var gamlefederne åt Levi-folket med ættgreinerne deira.

26 Desse mennerne, Aron og Moses, var det Herren sagde det til: «Før Israels-folket ut or Egyptarland, fylking etter fylking!»

27 Dei var det som tala med Farao, kongen i Egyptarland, og sagde dei skulde fylgja Israels-folket ut or Egyptarland, desse tvo mennerne, Moses og Aron.

28 Og det gjekk so til at den gongen Herren tala til Moses i Egyptarlandet,

29 då tok Herren soleis til ords: «Eg er Herren! Seg no med Farao, egyptarkongen, alt det eg segjer til deg!»

30 Og Moses svara, der han stod for Guds augo: «Du veit eg er munnvalen; er det då ventande at Farao vil høyra på meg?»

7. kapitlet

1 Då sagde Herren til Moses: «Sjå no vil eg laga det so at du vert som ein Gud for Farao, og Aron, bror din, skal vera målsmannen din.

2 Du skal tala alt det eg segjer deg fyre, men Aron, bror din, skal orda det ut for Farao, so han let Israels-folket fara ut or landet sitt.

3 Men eg vil herda hugen åt Farao, og sidan vil eg gjera mange teikn og under i Egyptarlandet.

4 Farao kjem ikkje til å høyra på dykk, og då vil eg leggja mi hand på Egyptarland med harde refsingar, og føra herarne mine, folket mitt eige, Israels-borni, ut or Egyptarlandet.

5 Og egyptarane skal ljota sanna at eg er Herren, når eg rettar handi mi utyver landet, og tek Israels-borni beint ifrå deim.»

6 Og Moses og Aron gjorde dette; som Herren hadde sagt deim fyre, so gjorde dei.

7 Moses var åtteti og Aron tri og åtteti år gamall, då dei tala med Farao.

8 Og Herren sagde det til Moses og Aron:

9 «Når Farao talar til dykk og segjer: «Lat meg få sjå eit under av dykk!» då skal du segja med Aron: «Tak staven din, og kasta honom ned framfor augo åt Farao, so skal han verta til ein stor orm.»»

10 So gjekk Moses og Aron fram for Farao, og gjorde som Herren hadde sagt: Aron kasta ned staven sin framfor augo åt Farao og mennerne hans, og staven vart til ein diger orm.

11 Då sende Farao bod etter vismennerne og trollkararne, runemeistrarne, som dei hadde i Egyptarland, og dei bruka trollkunsterne sine og gjorde det same.

12 Dei kasta kvar sin stav, og dei vart til store ormar, men staven hans Aron gløypte stavarne deira.

13 Og det gjekk som Herren sagde: Farao var strid i hugen og vilde ikkje høyra på deim.

14 Då sagde Herren til Moses: «Farao er tråssug; han vil ikkje lata folket fara.

15 Gakk til honom i morgon tidleg - då kjem han ned åt elvi - og statt på elvbakken, so han møter deg, og staven som vart skapt um til ein orm, skal du hava i handi.

16 Og so skal du segja med honom: «Herren, Hebræarguden, sende meg til deg og sagde: «Lat folket mitt fara, so dei kann tena meg i øydemarki!» Men det hev ’kje du vilja lydt på endå.

17 Og Herren segjer so: «Dette skal du hava til merke på at eg er Herren: Sjå no vil eg slå i elvevatnet med denne staven, som eg hev i handi mi, og so skal det verta til blod.

18 Og fisken i elvi skal døy, og ein illtev stiga frå elvi, so egyptarane ikkje er god til å drikka vatnet i henne.»»»

19 Sidan sagde Herren til Moses: «Seg med Aron: «Tak staven og rett handi di ut yver Egyptarlands-vatni, yver åerne og elvarne og tjørnerne deira og yver kvar vatsdam der er, so skal dei verta til blod, og blod skal det vera utyver heile Egyptarlandet, jamvel i koppar og kjer.»»

20 Og Moses og Aron gjorde som Herren sagde: Aron lyfte staven, og slo i elvevatnet, so dei såg på det både Farao og mennerne hans, og alt vatnet i elvi vart blod.

21 Då døydde all fisken i elvi, og det stod ein ond tev av elvi, so egyptarane ikkje kunde drikka vatnet, og i heile Egyptarland var det blod.

22 Men runemeistrarne deira bruka trollkunsterne sine, og gjorde det same. Og det gjekk som Herren sagde: Farao var stridhuga og høyrde ikkje på deim.

23 Og Farao snudde seg og gjekk inn i huset sitt, og brydde seg ikkje um dette heller.

24 Men alle egyptarane grov kringum elvi etter drikkevatn; for dei kunde ikkje drikka elvevatnet.

25 So leid det sju dagar etter Herren hadde gjort elvi til blod.

8. kapitlet

1 Då sagde Herren til Moses: «Gakk fram for Farao og seg med honom: «So segjer Herren: «Lat folket mitt fara, so dei kann tena meg!

2 Meinkar du deim å fara, so skal eg plåga heile ditt land og rike med frosk:

3 det skal yra med frosk i elvi, og dei skal krabba upp på land, og koma inn i husi dine og sengkoven din og upp i lega di, og inn i husi åt mennerne dine og på folket ditt, og i bakaromnarne og knodetrogi dine;

4 og deg og huslyden din og alle mennerne dine skal froskarne krabba uppetter.»»»

5 Og Herren sagde til Moses: «Seg til Aron: «Lyft handi, og rett staven ut yver åerne og elvarne og tjørnerne, og lat froskarne aula innyver Egyptarlandet!»»

6 So rette Aron handi si ut yver Egyptarlands-vatni, og då kom det upp med so fullt med frosk at dei hulde heile Egyptarlandet.

7 Men runemeistrarne bruka trollkunsterne sine og gjorde det same: dei og fekk froskarne til å aula innyver Egyptarlandet.

8 So sende Farao bod etter Moses og Aron og sagde: «Bed til Herren at han vil taka froskarne burt frå meg og landslyden! Då skal eg lata folket fara, so dei kann ofra til Herren.»

9 Då sagde Moses med Farao: «Sjølv må du hava æra og segja kva tid eg skal beda for deg og mennerne dine og folket ditt, at han vil rydja froskarne burt frå deg og husi dine, so dei ikkje finst meir utan i elvi.»

10 «I morgon,» svara han. «Lat det vera som du segjer!» sagde Moses, «so skal du sanna at det er ingen som Herren, vår Gud.

11 Froskarne skal kverva burt frå deg og husi dine og frå mennerne dine og heile landslyden; berre i elvi skal dei finnast.»

12 So gjekk Moses og Aron ut att frå Farao, og Moses ropa til Herren for froskarne skuld, som han hadde ført yver Farao.

13 Og Herren gjorde som Moses bad, og froskarne låg daude i hus og i tun og på bøarne.

14 Dei samla deim i dungevis, og teven kjendest yver heile landet.

15 Men det gjekk som Herren sagde: Då Farao såg at han hadde fenge ein lette, slo han seg rang, og vilde ikkje høyra på deim.

16 Då sagde Herren til Moses: «Seg med Aron: «Rett ut staven din, og slå i dusti på jordi, so skal ho verta til my i heile Egyptarlandet.»»

17 Og dei so gjorde: Aron lyfte handi, og rette ut staven sin, og slo i dusti på jordi. Då kom myet, og sette seg både på folk og fe; all dusti på jordi vart til my i heile Egyptarlandet.

18 Runemeistrarne freista og å få fram my med trollkunsterne sine, men dei var ikkje god til. Og myet vart sitjande på folk og på fe.

19 Då sagde runemeistrarne med Farao: «Dette er Guds finger!» Men det gjekk som Herren sagde: Farao var like strid, og høyrde ikkje på deim.

20 Då sagde Herren til Moses: «Ris tidleg upp i morgon, og stig beint fram for Farao, når han gjeng nedåt elvi, og seg med honom: So segjer Herren: «Lat folket mitt fara, so dei kann tena meg!

21 For let du ikkje folket mitt fara, so sender eg allslags avåt yver deg og mennerne dine og folket ditt og inn i husi dine; husi åt egyptarane skal verta fulle av avåt, og jamvel jordi dei gjeng på.

22 Men same dagen vil eg taka undan Gosenlandet, som folket mitt bur i, so der ikkje kjem noko avåt; då skal du verta var, at eg, Herren, er der i landet.

23 For eg vil løysa ut folket mitt og skilja det frå ditt folk. I morgon skal dette underet henda.»»

24 Og Herren gjorde som han hadde sagt, og det kom svære yrjor med avåt i husi åt Farao og mennerne hans og yver heile Egyptarland; det var so avåtet reint skjemde ut landet.

25 Då sende Farao bod etter Moses og Aron, og sagde: «Gakk av og ofra til Guden dykkar her i landet!»

26 «Det er ikkje rådlegt å gjera det so,» svara Moses; «for det me ofrar til Herren, vår Gud, det er ein styggedom for egyptarane. Ofra me no midt for augo på deim slikt som dei hev ein stygg til, vilde dei ikkje då steina oss!

27 Tri dagsleider ut i øydemarki vil me fara, og so ofra til Herren, vår Gud, soleis som han segjer oss fyre.»

28 Då sagde Farao: «Eg fær lata dykk fara då, so de kann ofra til Herren, Guden dykkar, i øydemarki, men de må ’kje fara langt! Bed for meg!»

29 «Ja, no gjeng eg ut, og vil beda til Herren,» svara Moses, «og i morgon skal avåtet kverva burt frå Farao og frå mennerne og folket hans. Berre no Farao ikkje vil svika oss meir, men lata folket fara, so dei kann ofra til Herren!»

30 So gjekk Moses ut frå Farao att, og bad til Herren.

31 Og Herren gjorde som Moses bad, og let avåtet kverva burt både frå Farao og mennerne og folket hans; det fanst ikkje att eit einaste fly.

32 Men Farao slo seg rang denne gongen og, og slepte ikkje folket av stad.

9. kapitlet

1 Og Herren sagde til Moses: «Gakk fram for Farao og seg med honom: «So segjer Herren, Hebræarguden: «Lat folket mitt fara, so dei kann tena meg!

2 For meinkar du deim å fara, og held du deim att endå lenger,

3 so skal Herren leggja si hand på feet ditt, som beiter på bøen, både hestar og asen og kamelar og naut og sauer, og søkja deim med ei øgjeleg drepsott.

4 Men Herren skal gjera skil på israelsfeet og egyptarfeet, og det skal ikkje døy noko av det som høyrer Israel til.»»»

5 Og Herren sette tidi og sagde: «I morgon vil Herren lata dette henda i landet.»

6 Dagen etter gjorde Herren som han hadde sagt, og alt egyptarfeet døydde, men av feet åt Israels-folket døydde ikkje eit liv.

7 Og Farao sende bod, og då hadde det ikkje døytt eit einaste liv av israelsfeet. Men Farao sette hardt imot hardt, og meinka folket å fara.

8 Då sagde Herren til Moses og Aron: «Tak henderne fulle med omnsoska, og Moses skal kasta henne upp i veret, so Farao ser på det.

9 Då skal ho verta til dumba og fjuka utyver heile Egyptarland, og av dumba skal det koma ei sott som bryt ut med kaunar på folk og fe i alt Egyptarlandet.»

10 So tok dei oska or masomnen, og steig fram for Farao, og Moses kasta henne upp i veret; då kom det ei kaunsott som braut ut på folk og på fe.

11 Og runemeistrarne orka ikkje å standa framfor Moses for verken skuld; for kaunarne hadde sett seg på runemeistrarne som på alle egyptarane.

12 Men Herren gjorde Farao strid i hugen; og det gjekk som han hadde sagt med Moses: Farao høyrde ikkje på deim.

13 Då sagde Herren til Moses: «Ris tidleg upp i morgon, og stig beint fram for Farao, og seg med honom: «So segjer Herren, Hebræarguden: «Lat folket mitt fara, so dei kann tena meg!

14 For denne gongen vil eg senda alle mine plågor yver deg sjølv og mennerne dine og folket ditt, so du skal sanna at ingen er som eg på heile jordi.

15 No hadde eg alt lyft handi mi, og vilde slege deg og folket ditt med drepsott, og då hadde du vorte utrudd av verdi.

16 Men eg sparde deg, av di eg vilde syna deg magti mi og gjera namnet mitt kunnigt yver all jordi.

17 Endå legg du deg i vegen for folket mitt, og vil ikkje lata deim fara.

18 Sjå, difor vil eg i morgon dette bil senda eit øgjeleg haglver, som det aldri hev vore maken til i Egyptarlandet, frå den dag det vart grunna og til no.»»

19 Send no bod, og berga buskapen din og alt de du hev på marki! Alt som er ute og ikkje kjem seg i hus, anten det er folk eller fe, skal haglet koma yver, og dei skal døy.»

20 Dei av kongsmennerne som hadde age for ordi åt Herren, dei berga då tenarane og buskapen sin i hus.

21 Men dei som ikkje agta på Herrens ord, let både tenarane og buskapen vera ute.

22 Då sagde Herren til Moses: «Rett handi di upp imot himmelen, so skal haglet koma sturtande yver heile Egyptarland, på folk og på fe og på kvart strå som på marki veks i Egyptarlandet.»

23 So rette Moses staven sin upp imot himmelen. Då sende Herren torever og hagl, og eldingarne for ned til jordi, medan Herren let det hagla yver Egyptarlandet.

24 Haglet kom drusande, og midt i haglflodi gjekk det ljon i ljon. Aldri hadde det vore slikt uver i Egyptarlandet, frå den tid det vart bygt.

25 Og haglet slo ned alt som ute var i heile Egyptarland, både folk og fe, og all grøda på marki slo haglet ned, og kvart tre braut det sund.

26 Men i Gosenlandet, der Israels-folket budde, der gjekk ikkje haglflodi.

27 Då sende Farao bod etter Moses og Aron, og sagde med deim: «Denne gongen hev eg synda. Herren er den som hev rett, og eg og folket mitt me hev urett.

28 Bed til Herren at det må hava ein ende med toreslåtten og haglet, so skal eg lata dykk fara, og de tarv ikkje bia lenger.»

29 «Med same eg kjem ut or byen, skal eg lyfta henderne og beda til Herren,» svara Moses. «Då skal tora halda upp, og haglet driva av, so du skal sanna at jordi høyrer Herren til.

30 Men det veit eg vel at du og mennerne dine endå ikkje hev age for Herren Gud.»

31 Både lin og bygg var nedslege; for bygget stod med aks, og linet med blom.

32 Men kveiten og rugen var ikkje nedslege; for dei årar seinare.

33 Og Moses gjekk burt frå Farao og ut or byen, og lyfte henderne til Herren. Då heldt tora og haglveret upp, og regnet hylja ikkje meir ned på jordi.

34 Men då Farao såg at regnet og haglet og tora hadde stogga, so heldt han på og synda, og herde seg til, både han og mennerne hans.

35 Det gjekk som Herren hadde havt Moses til å segja: Farao var hard som stein, og vilde ikkje lata Israels-folket fara.

10. kapitlet

1 Og Herren sagde til Moses: «Gakk fram for Farao! For det er eg som hev gjort honom so hard, både honom og mennerne hans, so eg kunde fremja desse teikni mine imillom deim,

2 og so du skal fortelja son din og soneson din korleis eg hev fare åt med egyptarane, og kva teikn eg hev gjort hjå deim - so de skal sanna at eg er Herren!»

3 So gjekk Moses og Aron fram for Farao og sagde med honom: «So segjer Herren, Hebræarguden: «Kor lenge skal det vara fyrr du vil bøygja deg for meg? Lat folket mitt fara, so dei kann tena meg!

4 For trassar du og ikkje let folket mitt fara, so skal eg i morgon senda grashoppar inn i riket ditt.

5 Dei skal breida seg ut yver åker og eng, so tett at ein ikkje kann sjå marki, og eta upp kvar einaste grand som de hev att etter haglet, og snøyda kvart eit tre som veks i hagarne dykkar.

6 Og dei skal fylla upp husi for deg og mennerne dine og alle egyptarane, so ikkje federne dine og ikkje federne åt federne dine skal ha set slik syn, frå den dag dei vart til på jordi og til den dag i dag.»» Dermed snudde han seg, og gjekk burt ifrå Farao.

7 Då sagde hirdmennerne med Farao: «Kor lenge skal denne mannen vera ei snara for oss? Lat no folki fara, so dei kann tena Herren, Guden sin! Ser du ikkje endå at Egyptarlandet vert øydelagt?»

8 So kalla dei Moses og Aron attende til Farao, og han sagde med deim: «Gakk so av stad då, og ten Herren, Guden dykkar! Kor mange er det no som skal fara?»

9 «Me lyt fara alle, både unge og gamle,» svara Moses; «både sønerne og døtterne våre lyt vera med oss, både småfeet og storfeet vårt; for me skal halda ei stor høgtid for Herren.»

10 Då sagde han til deim: «Herren vere med dykk, so visst som eg let dykk fara burt med borni dykkar! Sjå der um de ikkje tenkjer på vondt!

11 Nei, dette vert ikkje noko av! De mennerne kann fara og tena Herren; for det var det de bad um!» Dermed jaga dei deim burt frå augo åt Farao.

12 Då sagde Herren til Moses: «Rett handi di ut yver Egyptarland, so skal grashopparne koma drivande innyver landet og eta upp all grøda på marki, alt som haglet hev spart.»

13 So rette Moses staven sin ut yver Egyptarland, og Herren sende ein austanvind som stod innyver landet heile den dagen og heile natti; um morgonen kom austanvinden med grashopparne.

14 Og grashopparne dreiv innyver heile Egyptarlandet, og slo seg ned i heile riket, ein uhorveleg brote: aldri fyrr hadde det vore so mykje med grashoppar, og aldri meir vil det koma.

15 Dei lagde seg utyver landet, so tett at markerne myrkna, og åt upp all grøda på åkrarne og all alda på trei, som haglet hadde leivt, og det fanst ikkje att namnet av grønt, anten på tre eller strå, i heile Egyptarlandet.

16 Då skunda Farao seg og sende bod etter Moses og Aron, og sagde: «Eg hev synda mot Herren, dykkar Gud, og mot dykk.

17 Kjære væne, gjev til synda mi denne enaste gongen, og bed til Herren, dykkar Gud, at han berre vil taka denne fæle landøyda burt frå meg!»

18 So gjekk Moses ut att frå Farao, og bad til Herren.

19 Då vende Herren vinden, so det vart ein ovsterk vestanvind, og den førde grashopparne burt, og støytte deim ned i Raudehavet; det vart ikkje att ein einaste grashopp i heile Egyptarriket.

20 Men Herren gjorde Farao hard i hugen, so han ikkje let Israels-folket fara.

21 Og Herren sagde til Moses: «Rett handi di upp imot himmelen, so skal det leggja seg myrker yver Egyptarlandet, eit myrker so tjukt at ein kann taka i det.»

22 So rette Moses handi si upp imot himmelen. Då vart det stumende myrkt i heile Egyptarland i tri dagar.

23 Den eine timde ikkje den andre, og i tri dagar var det ingen som torde reisa seg av sessen sin. Men der Israels-folket budde, der var det ljost alle stader.

24 Då sende Farao bod etter Moses, og sagde: «Gakk av og haldt høgtid for Herren! Borni dykkar kann og få vera med; men bufeet, både smått og stort, lyt de setja att her.»

25 «Du må då gjeva med oss det me treng til slagtoffer og brennoffer, åt Herren, vår Gud!» svara Moses.

26 «Bufeet vårt lyt me hava med oss - ikkje ei klauv må vera att - for det er det me tek av, når me ofrar til Herren vår Gud; og me veit ikkje kva me skal ofra til honom, fyrr me kjem fram.»

27 Men Herren herde hugen åt Farao, og han vilde ikkje lata deim fara.

28 Og Farao sagde til Moses: «Gakk ifrå meg! Vara deg! Kom aldri meir for augo mine! For den dag eg ser deg for augo att, skal du døy.»

29 «Ja no sagde du det sjølv,» svara Moses, «og eg kjem aldri meir for augo dine.»

11. kapitlet

1 Då sagde Herren til Moses: «Endå ei ulukke vil eg føra yver Farao og egyptarane, so skal han sleppa dykk av; han skal ikkje berre gjeva dykk lov til å fara, men beint fram driva dykk ut.

2 Seg no du med folket at kvar mann skal beda grannen sin, og kvar kona grannekona si, um sylv og gull!»

3 Og Herren gjorde det so at egyptarane fekk godvilje for Israels-folket; og so var og Moses ein ovstor mann i Egyptarlandet, både for kongsmennerne og for hitt folket.

4 Og Moses sagde: «So segjer Herren: «Når det lid til midnatt, vil eg fara midt igjenom Egyptarland.

5 Då skal det døy, alt som frumbore er i Egyptarlandet, frå den frumborne sonen åt Farao, som sit i høgsetet sitt, til den frumborne sonen åt trælkjerringi, som sit og dreg handkverni, og alle frumsungarne i buskapen.

6 Og frå heile Egyptarland skal det stiga eit øgjeleg skrik, so ingen skal hava høyrt slikt illskrik anten fyrr eller sidan.

7 Men ikkje ein hund skal gøy på nokon i Israel, korkje på folk eller fe. Då skal de verta vare at Herren gjer skil på egyptarane og Israel.»

8 Og alle desse mennerne dine skal koma til meg, og kasta seg ned for meg og segja: «Far herifrå, både du og heile det folket som fylgjer deg!» Og so skal eg fara.» Og han gjekk burt frå Farao i brennande harm.

9 Då Herren sagde til Moses: «Farao skal ikkje høyra på dykk, so eg kann få gjort mange under i Egyptarlandet,»

10 so gjorde Moses og Aron alle desse underi for augo åt Farao; men Herren hadde lagt so strid ein hug i Farao, og han slepte ikkje Israels-folket or landet sitt.

12. kapitlet

1 Og Herren tala so til Moses og Aron, medan dei var i Egyptarlandet:

2 «Denne månaden skal vera nyårsmånaden dykkar: den fyrste månaden i året skal han vera for dykk.

3 Tala no de til heile Israels-lyden og seg: «Den tiande dagen i denne månaden skal kvar husbonde taka seg ut eit lamb til huset sitt.

4 Men er lyden hans for liten til å eta upp eitt lamb, so skal han og næmaste grannen taka seg ut eit i hop, etter som dei hev folk til: de skal ’kje rekna fleire folk på kvart lamb enn at alle fær metta seg.

5 Eit lytelaust verlamb lyt det vera, og årsgamalt; i staden for eit lamb kann de og taka eit kid.

6 De skal taka det i vare til den fjortande dagen i denne månaden; då skal heile Israels-lyden slagta det soleglads bil.

7 So skal dei taka noko av blodet og strjuka på både dørskierne og dørkollen på dei husi som dei et i.

8 Og kjøtet skal dei eta same natti; dei skal steikja det på elden, og eta det med søtt brød og bitre urter attåt.

9 De må ikkje eta det rått, og ikkje sjoda det i vatn, men steikja det yver elden, med hovud og føter og innmat.

10 Heller ikkje skal de leiva noko av det til morgons; er det noko att um morgonen, so skal de brenna det upp.

11 Soleis skal de vera budde, når de et det: med beltet kring livet, med skorne på føterne, med stav i handi; og de skal eta det i hast; det er påskehelgi åt Herren.

12 For den same natti vil eg fara igjenom Egyptarlandet, og slå i hel alt som frumbore er i Egyptarland, både folk og fe; og alle egyptargudarne vil eg døma og refsa, eg, Herren.

13 Og blodet på dei husi som de er i, skal vera til eit merke for meg, når eg ser blodet, skal eg fara framum dykk, og de skal ’kje verta fyre noko vondt, når eg slær i hel folk i Egyptarland.

14 Og sidan skal denne dagen vera ein minnedag for dykk: då skal de halda helg og høgtid for Herren; ei æveleg lov skal det vera for dykk og etterkomarane dykkar å halda heilag den dagen.

15 Sju dagar skal de eta søtt brød; straks den fyrste dagen skal de hava surdeigen burt or husi dykkar; for kvar den mann som et surbrød millom den fyrste og sjuande dagen, han skal rydjast ut or Israel.

16 Den fyrste dagen skal de halda ei heilag samling, og den sjuande dagen ei heilag samling. Dei dagarne skal de ikkje hava noko arbeid fyre dykk; berre den maten som kvar mann treng, skal de laga til og elles ingen ting gjera.

17 De skal høgtida søtebrødhelgi; for då førde eg herarne dykkar ut or Egyptarlandet. Difor skal de høgtida denne dagen; det skal vera ei æveleg lov for dykk og etterkomarane dykkar.

18 Frå fjortandedags kvelden i den fyrste månaden til ein og tjugandedags kvelden i same månaden skal de eta brød som det ikkje er surt i.

19 I sju dagar må det ikkje finnast surdeig i husi dykkar: kvar den mann som et surbrød, skal rydjast ut or Israels-lyden, anten han er framand eller fødd og alen i landet.

20 De må ikkje smaka den minste grand som er syrt; i alle hus skal de eta usyrt brød!»»

21 Då kalla Moses i hop alle dei øvste i Israel, og sagde med deim: «No lyt de av og finna dykk lamb åt husi dykkar, og slagta deim til påskeoffer.

22 Og so skal de taka ein myntekvost og duppa i blodet som er i troget, og strjuka noko av det blodet på dørkollen og båe dørskierne. Og ingen av dykk må ganga ut or husdøri si fyre morgon.

23 For Herren vil fara igjenom landet og heimsøkja egyptarane; og når han ser blodet på dørkollen og på dørskierne, då skal han fara framum døri og ikkje lata tynarengelen sleppa inn i husi dykkar og drepa.

24 So skal de då halda dykk etter dette bodet; det skal vera ei lov for deg og borni dine i all æva.

25 Når de so kjem til det landet Herren vil gjeva dykk, som han hev lova, då skal de halda uppe denne helgeseden.

26 Og når borni dykkar spør: «Kva er dette for ein helgesed de brukar?»

27 då skal de svara: «Det er påskeoffer til Herren, som for utum husi åt Israels-folket i Egyptarland: då han heimsøkte egyptarane, sparde han våre hus.»» Då lagde folket seg på kne og bad.

28 Og Israels-mennerne gjekk av og gjorde dette; som Herren hadde sagt til Moses og Aron, so gjorde dei.

29 So hende det i midnattsstundi at Herren slo i hel alt som frumbore var i Egyptarlandet, frå den frumborne sonen åt Farao, som sat i høgsetet sitt, til den frumborne sonen åt fangen, som sat i myrkestova, og alle frumsungarne i buskapen.

30 Då for Farao upp um natti, han og alle mennerne hans og alle egyptarane, og det vart eit øgjeleg skrik i Egyptarland; for det fanst ikkje eit hus som det ikkje var lik i.

31 Og Farao sende bod etter Moses og Aron midt på natti og sagde: «Nøyt dykk og far ut or riket mitt, både de og Israels-folket, og gakk av og haldt høgtid for Herren, som de hev tala um!

32 Tak med dykk alt bufeet dykkar, både smått og stort, so som de hev sagt, og far burt, og bed godt for meg og!»

33 Og egyptarane anna på Israels-folket at dei skulde hava seg fort utor landet. «Elles døyr me alle saman!» sagde dei.

34 So tok Israels-folket deigen sin, fyrr han vart syrt: dei sveipte deigtrogi inn i kjolarne, og bar deim på ryggen.

35 Og dei gjorde som Moses sagde, og bad egyptarane um sylv og gull og helgeklæde.

36 Og Herren hadde laga det so at egyptarane vilde Israels-folket vel, so dei var gode å beda. Soleis tok dei herfang av egyptarane.

37 So tok då Israels-folket ut frå Ramses, og lagde vegen til Sukkot; dei var på lag seks hundrad tusund gangføre mann, umfram kvende og born.

38 Og ein stor hop med framande fylgde og med deim, og mykje bufe, både smått og stort, ei ovstor drift.

39 Av deigen dei hadde med seg frå Egyptarland, baka dei hellekakor; for han var ikkje syrt, etter di dei vart jaga ut or Egyptarland og ikkje torde drygja der lenger; og ikkje hadde dei butt seg til med ferdakost heller.

40 Den tidi som Israels-folket hadde havt bustaden sin i Egyptarland, var fire hundrad og tretti år.

41 Då dei fire hundrad og tretti åri var på dagen utlidne, då tok alle Herrens herar ut frå Egyptarland.

42 Den natti var ei vokenatt for Herren, då han fylgde deim ut or Egyptarlandet; den same natti skal alle Israels-borni halda voka for Herren, ætt etter ætt.

43 Og Herren sagde til Moses og Aron: «So er fyresegni um påskelambet: Ingen framand må eta av det.

44 Hev nokon ein tenestdreng som er kjøpt for pengar, so skal du fyrst umskjera honom; sidan kann han eta av det.

45 Ingen busete eller leigekar må eta av det.

46 I eitt hus skal det eta av det; du må ikkje hava noko av kjøtet ut or huset, og ikkje brjota noko bein i det.

47 So skal heile Israels-lyden gjera.

48 Og når ein framand held til hjå dykk, og vil halda påskehøgtid for Herren, då skal alle karfolki hans umskjerast, so kann han få vera med og halda høgtid, og då skal han vera jamgod med deim som er fødde og alne i landet; men ein som ikkje er umskoren, må aldri eta av det.

49 Det skal gjelda same lovi for deim som er fødde og alne i landet og for dei framande som held til hjå dykk.»

50 Og alt Israels-folket gjorde dette; som Herren hadde sagt til Moses og Aron, so gjorde dei.

51 Soleis gjekk det til den dagen då Herren fylgde Israels-folket ut or Egyptarland, fylking etter fylking.

13. kapitlet

1 Og Herren tala atter til Moses og sagde:

2 «Alt frumbore hjå Israels-folket skal du vigja åt meg, alt som kjem fyrst frå morsliv: anten det er folk eller fe, so høyrer det meg til.»

3 Og Moses sagde til folket: «Kom i hug den dagen då de slapp ut or Egyptarland, or slavehuset! For det var Herren som med si sterke hand leidde dykk ut. Då skal de ikkje eta surbrød!

4 I dag er det de tek ut, i aksmånaden.

5 Når då Herren hev fylgt deg til landet åt kananitarne og hetitarne og amoritarne og hevitarne og jebusitarne, det som han lova federne dine å gjeva deg, eit land som fløymer med mjølk og honning, då skal du halda gudstenesta på denne visi i denne same månaden;

6 sju dagar skal du eta søtt brød, og den sjuande dagen skal det vera høgtid for Herren.

7 Søtt brød skal du eta alle dei sju dagarne; ikkje må det finnast surbrød i ditt eige, og ikkje surdeig, so langt som du råder.

8 Og same dagen skal du gjera dette kunnigt for son din, og segja: «Det er til minne um det som Herren gjorde for meg, då eg for frå Egyptarland.»

9 Og det skal vera som det var rita i handi di, og som det stod skrive framfor augo dine, so Herrens lov kann vera på munnen din. For med sterk hand leidde Herren deg ut or Egyptarland.

10 So skal du då gjere etter denne fyresegni år etter år, på den tid som er sett.

11 Og når Herren hev fylgt deg til Kana’ans-landet, som han lova deg og federne dine, og hev gjeve deg det,

12 då skal du eigna åt Herren alt som kjem fyrst frå morsliv. Alt det fyrste som fell undan det feet du eig, og som er han av slaget, det skal høyra Herren til.

13 Det fyrste følet som fell undan kvart asen, skal du løysa med eit lamb eller kid, og løyser du det ikkje, so skal du brjota nakken på det. Men kvart mannebarn - kvart sveinbarn i ætta di - som er frumbore, skal du løysa.

14 Når då son din sidan spør deg: «Kva tyder dette?» so skal du svara: «Med sterk hand leidde Herren oss ut or Egyptarland, or slavehuset.

15 For det gjekk slik til at då Farao gjorde seg hard og ikkje vilde lata oss fara, då slo Herren i hel alt som frumbore var i Egyptarland, både av folk og av fe. Difor ofrar eg til Herren alt det som kjem fyrst frå morsliv og er han av slaget, men eg løyser kvart sveinbarn i ætti mi som er frumbore.

16 Og det skal vera som det var rita i handi di og skrive millom augo dine at Herren med si sterke hand leidde oss ut or Egyptarland.»»

17 Då Farao hadde gjeve folket lov til å fara, so førde Gud deim ikkje på den vegen som bar til Filistarlandet, endå det var den næmaste. Han tenkte dei kunde koma til å angra seg, når dei møtte ufred, og so fara attende til Egyptarlandet;

18 Difor laga Gud det so, at dei svinga inn på den vegen som gjekk gjenom villmarki, til Raudehavet. So for då Israels-mennerene stridsbudde ut or Egyptarlandet.

19 Og Moses tok beini av Josef med seg; for Josef hadde teke eiden av Israels-sønerne og sagt: «Når Gud kjem og hentar dykk, so skal de taka beini mine med dykk herifrå.»

20 So tok dei ut frå Sukkot, og leira seg i Etam, tett innmed øydemarki.

21 Og Herren gjekk fyre deim um dagen i ein skystopul, som leidde deim rette vegen, og um natti i ein eldstopul, som lyste for deim, so dei kunde fara natt og dag.

22 Skystopulen kvarv ikkje frå folket um dagen, og eldstopulen ikkje um natti.

14. kapitlet

1 Sidan tala Herren til Moses, og sagde:

2 «Seg med Israels-folket at dei skal snu um og lægra seg framanfor Pi-Hakhirot, millom Migdol og havet; beint for Ba’al-Sefon, midt imot, skal de lægra dykk utmed havet.

3 Då kjem Farao til å segja um Israels-folket: «Dei hev kome på villstig, og finn ikkje ut or heidi att.»

4 Og eg vil herda hugen åt Farao, so han set etter deim; då skal eg syna magti mi på Farao og heile heren hans, og egyptarane skal få kjenna at eg er Herren.» So gjorde dei som Herren sagde.

5 Då kongen i Egyptarland fekk vita at Israels-folket hadde rømt landet, då skifte han hug, både han og mennerne hans, og dei sagde: «Kva hev me gjort, som slepte Israel utor tenesta?»

6 So beitte han fyre vogni si, og herfolket sitt tok han med seg.

7 Seks hundrad utvalde vogner tok han, og sidan kvar vogn som fanst i Egyptarland, og kjempor var det på alle.

8 For Herren herde hugen åt Farao, egyptarkongen, so han sette etter Israels-folket. Israels-mennerne tok ut med verja i hand,

9 men egyptarane sette etter, alle vognhestarne åt Farao og riddarane og hermagti hans, og nådde deim att utmed havet, der dei hadde lægra seg, tett innmed Pi-Hakhirot, midt for Ba’al-Sefon.

10 Farao kom næmare og næmare, og då Israels-folket skulde sjå til, då såg dei egyptarane kom setjande etter deim. Då vart Israels-folket fælande rædde, og ropa til Herren.

11 Og dei sagde med Moses: «Fanst det då ikkje graver i Egyptarland, med di du laut hava oss hit og lata oss døy i villmarki? Kvi gjorde du oss dette og lokka oss burt frå Egyptarland?

12 Var det ikkje det me sagde med deg i Egyptarland! «Lat oss vera i fred!» sagde me, «me vil tena egyptarane; det er betre for oss, det, enn å døy i ville heidi.»»

13 Då sagde Moses til folket: «Ver ikkje rædde! Statt no her og sjå den hjelpi som Herren vil senda dykk i dag; for likso visst som de ser egyptarane i dag, likso visst skal de aldri sjå deim meir i all æva.

14 Herren vil strida for dykk, og de skal halda dykk stille.»

15 Og Herren sagde til Moses: «Kvi kallar du på meg? Seg med Israels-folket at dei skal taka i vegen!

16 Og du skal lyfte staven din, og retta handi ut yver havet og kløyva det, so Israels-folket kann ganga midt igjenom havet på turre botnen.

17 Men eg vil herda hugen åt egyptarane, so dei set etter deim. Då skal eg syna magti mi på Farao og heile hans her, på vognerne og riddarane hans.

18 Og egyptarane skal få kjenna at eg er Herren, når eg brukar veldet mitt på Farao og vognerne og riddarane hans.»

19 Og Guds engel, som gjekk fyre Israels-heren, tukka seg og steig attum deim: skystopulen, som var framanfor deim, flutte seg og vart standande attanfor,

20 so han kom imillom egyptarane og Israels-heren; på den eine sida var han skum og myrk, og på hi sida lyste han upp natti, og herarne kom ikkje innåt kvarandre heile natti.

21 Då rette Moses handi si ut yver havet, og Herren sende ei strid austanvind, som bles heile natti, so vatnet dreiv undan: han gjorde havet til turt land, og vatnet kløyvde seg.

22 Og Israels-folket gjekk tvert gjenom havet på turre grunnen, og vatnet stod som ein mur både på høgre og vinstre sida.

23 Men egyptarane sette etter, og fylgde til midt ut i havet, alle hestarne åt Farao og vognerne og riddarane hans.

24 So hende det fyrstundes i otta at Herren såg ned på egyptarheren frå eld- og skystopulen og forvilla egyptarheren.

25 Han slo hjuli undan vognerne deira, so det gjekk tungt for deim å koma fram. Då sagde egyptarane: «Lat oss røma for Israel! For Herren er med deim og strider mot egyptarane!»

26 Og Herren sagde til Moses: «Rett handi di ut yver havet, so skal vatnet fløyma attende yver egyptarane, yver vognerne og riddarane deira!»

27 So rette Moses handi ut yver havet, og då det leid imot morgonen, kom havet veltande attende i det gamle romet sitt, men egyptarane rømde beint imot bårorne, og Herren støytte deim midt ut i havet.

28 Vatnet flødde i hop att, og gøymde vognerne og riddarane i heile Farao-heren, som hadde fylgt etter deim ut i havet; det vart ikkje att ein einast ein.

29 Men Israels-folket gjekk tvert igjenom havet på turre sanden, og vatnet stod som ein mur på både sidorne, både den høgre og den vinstre.

30 Soleis berga Herren den dagen Israel for egyptarane, og Israel skoda egyptarane korleis dei låg daude på havstrandi.

31 Og då folket såg Guds allmagt på det han gjorde med egyptarane, då fekk dei age for Herren, og dei trudde på Herren og på Moses, tenaren hans.

15. kapitlet

1 Då song Moses og Israels-folket denne lovsongen til Herren: «Eg vil syngja um Herren, for stor er han, stor; hest og ridar i havet han støytte.

2 Han er min styrke, um han er mitt kvæde; for han hev meg berga. Han er min Gud, han vil eg lova, Gud åt far min, han vil eg prisa.

3 Herren er rette hermannen: Herren heiter han.

4 Vognern’ og heren åt Farao tok han og kasta i sjøen. Gjævaste kjemporn’ i Sevhavet sokk;

5 der bylgja deim gøymde; som stein for dei ned i djupet.

6 Herre, di hand er prydd med kraft; Herre, di hand krys uvener sund.

7 Med ditt høge namn slær du fiendar ned; din harm let du loga, då brenn dei som halm.

8 For din ande stokk vatni i hop, som haugar sjøarne stod, i havdjupet bårorne storkna.

9 «Eg eltar deim, eg tek deim att, eg skiftar feng,» sa’ fienden. «Eg vil metta mitt mod, eg vil svinga mitt sverd, eg vil øyda deim ut.»

10 Ut sende du din ande, og havet hulde deim; som bly deg sokk til botnar i ville vatnet djupt.

11 Kvar er, Herre, dei gudar som med deg kunde kappast? Kven er vel lik som du med heilag æra prydd? Kven er so ageleg og hev so fræge verk og store under gjort?

12 Då handi upp du hov, då gløypte jordi deim.

13 Mild som ein far du fylgjer det folket du hev frelst, du leider deim med handi sterk fram til den heilagdomen der du din heimstad hev.

14 Folki fær spurt det, og folnar; fælska tek deim som bur i Filistarland.

15 Edom-jarlarne ottast for ilt, Moabs-hovdingarn’ støkk so dei skjelv, alle Kana’an-buarne kolnar.

16 Rædsla kjem på deim og rygd; når dei augnar din velduge arm, då tegjer dei stilt som ein stein, medan folket ditt, Herre, fer fram, med det folket fer fram som du vann deg.

17 Du tek deim inn og set deim ned på eigedomen din, det berget som du, Herre, tok til bustad åt deg sjølv, den heilagdomen du, min Gud, hev grunna med di hand.

18 I alder og æva skal han råda, Herren min.»

19 For då hestarne åt Farao med vognerne og riddarane hans for ut i havet, då let Herren bårorne fløda i hop yver deim, medan Israels-folket gjekk turrskodde midt igjenom havet.

20 Og Mirjam, vismøyi, syster åt Aron, tok trummeringen sin i handi, og alle kvendi gjekk etter henne med trummeslått og dans.

21 Og Mirjam song fyre og kvad: Syng um Herren, for stor er han, stor! Hest og ridar i havet han støytte.

22 Sidan førde Moses folket burt frå Raudehavet, og dei kom ut på Surheidi; der for dei tri dagar i øydemarkerne, og kunde ikkje finna vatn.

23 So kom dei til Mara, men dei kunde ikkje drikka vatnet i Mara, av di det var beiskt. Difor kalla dei den staden Mara.

24 Og folket mukka mot Moses og sagde: «Kva skal me drikka?»

25 Då ropa han til Herren, og Herren synte honom eit tre; det kasta han upp i vatnet; då vart vatnet godt. Der sette han deim lov og rett, og der røynde han deim.

26 Og han sagde: «Høyrer du vel etter ordi åt Herren, din Gud, og gjer det som rett er i hans augo, og lyder du bodi og held alle loverne hans, so skal du sleppa alle dei sjukarne, som eg hev lagt på egyptarane; for eg, Herren, vil vera lækjaren din.»

27 Sidan kom dei til Elim. Der var det tolv kjeldor og sytti palmetre, og dei lægra seg der, frammed vatnet.

16. kapitlet

1 So tok dei ut att frå Elim, og femtande dagen i andre månaden etter at dei hadde fare frå Egyptarlandet, kom heile Israels-lyden til Sinheidi, som ligg millom Elim og Sinai.

2 Medan dei var der i øydemarkerne, tok heile Israels-lyden til å mukka mot Moses og Aron,

3 og sagde: «Det vøre betre me hadde døytt for Herrens hand i Egyptarlandet, då me sat uppyver kjøtgrytorne og åt oss mette på brød. For no hev de ført oss ut i villmarki, so heile denne mannefjølden lyt døy av svolt.»

4 Då sagde Herren til Moses: «Sjå no vil eg lata det regna brød åt dykk frå himmelen, og folket skal ganga ut kvar dag og sanka det dei treng for dagen; soleis vil eg røyna deim, um dei held seg etter lovi mi eller ikkje.

5 Og når dei lagar til det dei kjem heim med sette dagen, då skal det vera ein gong til so mykje som det dei elles sankar um dagen.»

6 So sagde Moses og Aron til alt Israels-folket: «I kveld skal de koma til å sanna at det er Herren som hev ført dykk ut or Egyptarlandet;

7 og i morgon tidleg skal de få sjå kor stor Herren er; for han hev høyrt korleis de mukkar imot honom - kva er vel me? kann det vera verdt å mukka mot oss?

8 De skal få sjå det,» sagde Moses, «når han gjev dykk kjøt å eta i kveld og brød i morgon tidleg, so de fær metten dykkar; for Herren hev høyrt korleis de murrar og mukkar imot honom - kva er vel me? det er ikkje oss de mukkar imot, men Herren.»

9 So Moses sagde med Aron: «Seg til heile Israels-lyden: «Stig fram for Herrens åsyn! For han hev høyrt korleis de mukkar.»»

10 Då hende det, medan Aron tala til heile Israels-lyden, og dei vende augo mot øydemarki, at Herrens herlegdom synte seg i skyi.

11 Og Herren tala til Moses og sagde:

12 «Eg hev høyrt korleis Israels-folket mukkar. Tala du til deim og seg: «I skumingi skal de få kjøt å eta, og i morgon tidleg skal de få metta dykk med brød, og de skal sanna, at eg er Herren, dykkar Gud.»»

13 Då det so vart kvelden, kom enghønorne fljugande so tjukt, at dei tekte heile lægret, og um morgonen hadde det lagt seg dalskodd rundt ikring lægret,

14 og då skoddi letta, fekk dei sjå noko fint, kornut, burtyver heidi; det låg tunt som ei hela på marki.

15 Då Israels-folket såg det, sagde dei seg imillom: «Kva er dette?» For dei visste ikkje kva det var. Då sagde Moses til deim: Det er det brødet som Herren hev gjeve dykk å eta.

16 Høyr no kva Herren hev sagt: «De skal sanka av det so mykje de treng, ei kanna til manns, etter som de hev folk til; kvar skal henta åt deim som høyrer til huset hans.

17 Og Israels-folket gjorde som han sagde, og sanka, sume mykje og sume lite.

18 Men då dei mælte det i kannemålet, gjekk det inkje av for deim som hadde sanka mykje, og det som mindre hadde sanka, leid ingen skort; kvar hadde sanka det han turvte.

19 Og Moses sagde til deim: Ingen må leiva noko av det til morgons.»

20 Men dei høyrde ikkje på Moses, og sume etla att noko til morgonmålet; då kvikna det makk i det, og det stod ei vond tev av det. Og Moses vart vreid på deim.

21 Sidan sanka dei det morgon etter morgon, kvar etter som han trong til. Men når soli tok til å hita, so bråna det.

22 So hende det sette dagen at dei fann ein gong til so mykje brød som elles, tvo kannor til manns, og alle dei øvste av lyden kom og sagde det med Moses.

23 Då sagde han til deim: «Det er det Herren hev sagt: «I morgon er det kviledag, helgekvild for Herren.» Baka no det de vil, og koka det de vil! Men alt det som vert att, skal de leggja burt og gøyma til morgons.»

24 So lagde dei det burt til um morgonen, som Moses sagde, og det stod ingen illtev av det, og kom ikkje makk i det.

25 Og Moses sagde: «Et det i dag, for i dag er det kviledag for Herren; i dag finn de ikkje noko på marki.

26 Seks dagar skal de sanka det; men den sjuande dagen er det helg; då er det ikkje å finna.»

27 Likevel var det nokre av folket som gjekk ut den sjuande dagen og vilde sanka, men dei fann inkje.

28 Då sagde Herren til Moses: «Kor lenge skal det vara fyrr de vil lyda bodi og loverne mine?

29 Kom i hug: Herren hev gjeve dykk kviledagen; difor er det at han sette dagen gjev dykk brød for tvo dagar. Haldt dykk no heime, kvar hjå seg! Ingen gange burt frå bustaden sin sjuande dagen!»

30 Sidan heldt folket seg i ro den sjuande dagen.

31 Israels-ætti kalla det brødet manna; det liktest korianderfrø; det var kvitt på liten, og smaka som vaflar med honning.

32 Og Moses sagde: «Høyr no kva Herren segjer til dykk: «Ein full kanna med manna skal de gøyma, mann etter mann, so etterkomarane dykkar kann sjå det brødet eg gav dykk å eta i øydemarki, då eg fylgde dykk ut or Egyptarlandet!»»

33 So sagde han til Aron: «Tak ei krukka og hav upp i henne ei full kanna med manna, og set det ned for Herrens åsyn, so det vert gøymt frå mann til mann.»

34 Og Aron gjorde som Herren hadde sagt til Moses, og sette det ned framfor lovtavlorne: der skulde det gøymast.

35 Israels-folket åt manna i fyrti år, til dess dei kom til bygde land; manna åt dei alt til dei kom til utenden av Kana’ans-landet.

36 Ei kanna, det var tiandeparten av ei skjeppa.

17. kapitlet

1 So tok heile Israels-lyden ut frå Sinheidi, og for dagsleid etter dagsleid, soleis som Herren sagde deim fyre. Sidan lægra dei seg i Refidim; med der fanst det ikkje vatn so folket kunde få drikka.

2 Og folket trætta med Moses og sagde: «Gjev oss vatn, so me fær drikka!» Då sagde Moses med deim: «Kvi trættar de med meg? Kvi freistar de Herren?»

3 Men folket tyrsta etter vatn, og dei mukka mot Moses og sagde: «Kvi hev du då ført oss burt frå Egyptarland? Vil du då at me og borni våre og feet vårt skal døy av torste?»

4 Då ropa Moses til Herren og sagde: «Kva skal eg gjera med dette folket? Det er ikkje lenge fyrr dei steinar meg!»

5 Og Herren sagde til Moses: «Far i veg fyre folket! Få med deg nokre av dei øvste i Israel, og staven din som du slo i elvi med, tak den i handi, og gakk so!

6 Du skal få sjå meg standa midt for augo dine uppyver ei ufs der burte på Horeb; då skal du slå på ufsi, og det skal koma vatn ut or henne, so folket fær drikka.» Moses gjorde som Herren sagde, so dei øvste i Israel såg på det.

7 Den staden kalla han Massa og Meriba, av di at Israels-folket trætta med honom, og av di dei freista Herren og sagde: «Er Herren imillom oss eller ikkje?»

8 Sidan kom Amalek-mennerne og gav seg i strid med Israel i Refidim.

9 Då sagde Moses til Josva: «Vel oss ut nokre menner, og tak ut og haldt slag med Amalek-heren, so skal eg i morgon standa øvst på haugen med gudsstaven i handi.»

10 Josva gjorde som Moses sagde til honom og slost med Amalek-heren, og Moses og Aron og Hur steig upp på høgste haugen.

11 Då gjekk det so at når Moses heldt handi i veret, hadde Israel yvertaket, og når han let handi siga, so vann Amalek.

12 Men so tok Moses til å trøytna i henderne; då tok dei ein stein og lagde til rettes for honom; den sette han seg på, og Aron og Hur studde henderne hans, ein på kvar sida. Då heldt han henderne støde alt til soli var gladd.

13 Josva hogg ned Amalek-kongen og folket hans med kvasse sverdet.

14 Og Herren sagde til Moses: «Skriv dette upp i ei bok, so det ikkje gjeng dykk or minne, og lat Josva feste det i hugen at eg vil rydja ut av jordi alt som ber Amalek-namnet.»

15 Då bygde Moses eit altar og kalla det: «Herren er hermerket mitt»,

16 og han kvad: «Frå Herrens høgsæte ei hand er lyft! Med ufred søkjer han Amalek, ætt for ætt.»

18. kapitlet

1 Då Jetro, presten i Midjan, verfar åt Moses, fekk spurt alt det som Gud hadde gjort mot Moses og mot Israel, folket sitt: korleis Herren hadde ført Israel ut or Egyptarland,

2 so tok han med seg Sippora, kona åt Moses, som Moses hadde sendt heim for ei tid,

3 og båe sønerne hennar - den eine kalla dei Gersom, «for eg hev fenge heimvist i eit framandt land,» sagde Moses,

4 og den andre kalla dei Eliezer, «for,» sagde han, «Far min’s Gud var hjelpi mi, og berga meg for sverdet åt Farao» -

5 og no kom dei, både Jetro, verfar åt Moses, og sønerne og kona hans, til Moses i øydemarki, der han hadde lægret sitt, innmed Gudsfjellet.

6 Og han sende bod til Moses og sagde: «Eg, Jetro, verfar din, kjem til deg med kona di, og båe sønerne sine hev ho med seg.»

7 Då gjekk Moses til møtes med verfar sin, og bøygde seg for honom, og kysste honom, og dei spurde einannan korleis til stod. So gjekk dei inn i tjeldbudi,

8 og Moses fortalde verfar sin um alt det Herren hadde gjort med Farao og egyptarane for Israel skuld, og all den møda dei hadde vore uti på vegen, og korleis Herren hadde hjelpt deim.

9 Og Jetro vart glad for alt det gode som Herren hadde gjort mot Israel, at han hadde berga deim for egyptarane.

10 Og Jetro sagde: «Lova vere Herren, som berga dykk for egyptarane og for Farao, han som fria folket ut or trældomen hjå egyptarane.

11 No veit eg at Herren er større enn alle gudar; for det dei tenkte å fella deim med, det gjorde han til ei fella for deim sjølve.

12 Og Jetro, verfar åt Moses, tok slagtefe, og laga til eit brennoffer og offergilde for Gud. Og Aron og alle dei øvste i Israel kom og heldt måltid for Guds åsyn saman med verfar åt Moses.

13 Dagen etter sat Moses og skifte rett millom folket, og folket stod ikring honom frå tidleg um morgonen til seint på kvelden.

14 Då no verfar hans såg alt det han hadde å gjera for deim, so sagde han: «Kva er dette for eit arbeid du legg på deg for folket? Kvi sit du domar åleine, og let heile ålmugen standa uppyver deg frå morgon til kveld?»

15 Jau for folket kjem til meg og vil få vita Guds vilje,» sagde Moses med verfar sin.

16 «Når dei hev ei sak med kvarandre, kjem dei til meg, og so dømer eg mann og mann imillom, og lærer deim Guds bod og lover.»

17 Då sagde verfar åt Moses med honom: «Det er ikkje klokt det du der gjer.

18 De trøyter dykk ut, både du og dette folket, som er med deg. For dette er for stridt for deg; du vinn ikkje gjera det åleine.

19 Men høyr no på meg, eg vil leggja deg ei råd, og so vere Gud med deg! Ver du målsmann for folket hjå Gud, og gakk du til Gud med sakerne deira.

20 Og minn dei um bodi og loverne hans, og syn deim kva veg dei skal ganga og korleis dei skal fara åt.

21 Vel deg so ut dugande menner av ålmugen, menner som hev age for Gud, truverdige folk, som hatar låk vinning, og set deim til domsmenner, sume yver tusund og sume yver hundrad og sume yver femti og sume yver ti:

22 dei skal skifta rett millom folk til kvar tid: alle store saker skal dei koma til deg med, og alle små saker skal dei døma i sjølve. Då lettar du byrdi for deg sjølv, og dei hjelper deg å bera henne.

23 Gjer du det, og er det so Guds vilje, so kann både du halda ut, og alt dette folket koma heim til seg i fred og ro.»

24 Moses lydde verfar sin, og gjorde alt det han hadde sagt.

25 Han kåra ut dugande menner av heile Israel, og sette deim til hovdingar og domsmenner yver folket, sume yver tusund, og sume yver hundrad, og sume yver femti, og sume yver ti.

26 Dei skifte då til kvar tid rett millom folket; alle vande saker kom dei til Moses med, men i alle småsaker dømde dei sjølve.

27 So baud Moses farvel med verfar sin, og han for heim att til sitt eige land.

19. kapitlet

1 Trimånadsdagen etter Israels-folket hadde fare frå Egyptarland, kom dei til Sinaiheidi:

2 Dei tok ut frå Refidim, og kom til Sinaiheidi, og der lægra Israel seg i villmarki midt for fjellet.

3 So steig Moses upp til Gud, og Herren ropa til honom frå fjellet og sagde: «Dette skal du segja til Jakobs-ætti og gjera kunnigt for Israels-folket:

4 «De hev set kva eg gjorde med egyptarane, og korleis eg lyfte dykk på ørnevengjer og bar dykk hit til meg.

5 Vil de no lyda vel etter ordi mine og halda sambandet med meg, so skal de vera mitt odelsfolk framum alle andre; for heile jordi er mi.

6 Og de skal vera meg eit kongerike av prestar og eit heilagt folk.» Desse ordi skal du tala til Israel.»

7 Då Moses kom att, kalla han i hop dei øvste av folket, og bar fram det bodet som Herren hadde sendt honom med.

8 Då svara folket alle som ein: «Alt det Herren hev sagt, skal me gjera.» Og Moses bar svaret deira attende til Herren.

9 Då sagde Herren til Moses: «Høyr her! Eg skal koma til deg i ei tett sky, so folket kann høyra at eg talar med deg; då skal dei tru på deg i al æva.» Då Moses hadde sagt Herren kva folket svara,

10 so sagde Herren til honom: «Gakk til folket, og seg dei skal helga seg idag og i morgen og två klædi sine.

11 Tridje dagen skal dei halda seg reiduge; for då vil Herren stiga ned på Sinaifjellet for augo åt alt folket.

12 Og du skal setja ei stengsla for folket rundt ikring, og segja: «Vara dykk og gakk ikkje upp på fjellet, og kom ikkje innåt det! Kvar den som kjem innåt fjellet, skal døy.

13 Ingen må taka si hand i honom! Han skal steinast eller skjotast; anten det er folk eller fe, so skal dei lata livet.» Men når dei høyrer hornet ljomar, då må dei stiga upp på fjellet.»

14 So gjekk Moses ned av fjellet til folket, og sagde dei skulde helga seg. Då tvo dei klædi sine.

15 Og han sagde til deim: «Tridje dagen lyt de halda dykk reiduge! Kom ikkje nær kvende!»

16 So var det tridje dagen, med same det ljosna, då bar det laust med toreslått og ljon; på fjellet låg ei tjukk sky, og dei høyrde ein ovsterk lurljod. Då skalv alt folket som i lægret var.

17 Men Moses førde folket ut or lægret, til møtes med Gud, og dei vart standane innunder fjellet.

18 Og heile Sinai stod i ein røyk, av di at Herren for ned på nuten i eld; røyken steig upp som av ein masomn, og heile fjellet dirra og skalv.

19 Og ljurljoden auka og vart sterkare og sterkare: Moses tala, og Gud svara honom lydt.

20 Då Herren hadde stige ned på Sinai, på øvste tinden, so kalla han Moses upp på nuten til seg. Då gjekk Moses upp,

21 og Herren sagde til honom: «Gakk ned og vara folket, so dei ikkje bryt seg fram til Herren og vil sjå honom; for då kjem mange av deim til å stupa.

22 Og prestarne, som kjem næmare innåt Herren, lyt og helga seg, so Herren ikkje skal fara inn imillom deim.»

23 Då sagde Moses til Herren: «Folket kann ikkje koma upp på Sinai. For du hev sjølv vara oss og sagt: «Set eit gjerde kring fjellet, og lys det heilagt!»»

24 Og Herren sagde til honom: «Gakk no berre ned, og kom so upp att, både du og Aron! Men prestarne og ålmugen må ikkje brjota seg fram og stiga upp til Herren; for då kjem han til å fara inn imillom deim.»

25 So gjekk Moses ned til folket og sagde det med deim.

20. kapitlet

1 Då tala Gud alle desse ordi, og sagde:

2 «Eg er Herren, din Gud, som henta deg ut or Egyptarlandet, or slavehuset.

3 Du skal ikkje hava nokon annan gud attåt meg!

4 Du skal ikkje gjera deg noko gudebilæte, eller nokor likning av det som er uppi himmelen, eller det som er nedpå jordi, eller det som er i vatnet, nedunder jordi!

5 Du skal ikkje beda til deim, og ikkje skal du tena deim! For eg, Herren, din Gud, er ein streng Gud, som hemnar broti åt federne på borni og barneborni og barnebarns-borni åt deim som hatar meg,

6 men gjer vel imot tusund etter tusund av deim som elskar meg og held bodi mine.

7 Du skal ikkje nemna namnet åt Herren, din Gud, utan age! For Herren held ikkje den uskuldig som brukar namnet hans vyrdlaust.

8 Kom i hug at du held kviledagen heilag!

9 Seks dagar må du arbeida og gjera alt det du skal.

10 Men den sjuande dagen skal vera ein kviledag vigd åt Herren, din Gud. Då skal du ikkje gjera noko arbeid, korkje du eller son din eller dotter di eller drengen din eller tenestgjenta di eller feet ditt eller den framande som held seg innan portarne dine!

11 For i seks dagar skapte Herren himmelen og jordi og havet og alt som i deim er; men den sjuande dagen kvilde han; difor velsigna Herren kviledagen, og lyste honom heilag.

12 Æra far din og mor di, so du fær liva lenge i det landet som Herren, din Gud, gjev deg!

13 Du skal ikkje drepa!

14 Du skal ikkje vera utru mot maken din!

15 Du skal ikkje stela!

16 Du skal ikkje vitna rangt imot grannen din!

17 Du skal ikkje trå etter huset åt grannen din! Du skal ikkje trå etter kona åt grannen din, eller drengen eller tenestgjenta eller uksen eller asnet hans, eller noko anna som høyrer grannen din til».

18 Og heile folket såg og høyrde toreslagi og eldingarne og lurljoden og røyken av fjellet; og då dei gådde det, skalv dei, og heldt seg langt undan.

19 Og dei sagde til Moses: «Tala du med oss, so skal me høyra, men lat ikkje Gud tala med oss; for då døyr me!»

20 Då sagde Moses til folket: «Ver ikkje rædde! Gud vil røyna dykk; difor er det han kjem - og at agen for honom skal bu i hjarto dykkar, so de ikkje syndar.»

21 Men folket vart standande langt burte, medan Moses gjekk innåt myrkeskodda, der Gud var.

22 Og Herren sagde til Moses: «So skal du segja til Israels-folket: «De hev høyrt korleis eg tala til dykk frå himmelen.

23 De skal ikkje gjera dykk nokon gud attåt meg! Gudar av sylv eller gull skal de ikkje gjera dykk!

24 Eit altar av torv skal du gjera meg, og på det skal du ofra brennofferi og takkofferi dine, småfeet og storfeet ditt! Kvar den stad som eg vil hava namnet mitt æra, skal eg koma til deg og velsigna deg.

25 Men gjer du eit steinaltar åt meg, so skal du ikkje byggja det av hoggen stein; for brukar du bitjarn på steinarne, so vanhelgar du deim.

26 Heller ikkje skal du stiga upp til altaret mitt etter ei tropp, so du nækjer blygsli di uppyver det.

21. kapitlet

1 So er dei retterne du skal leggja fram for deim:

2 Når du kjøper ein hebraisk tenestdreng, so skal han tena seks år; i det sjuande skal han sleppa or tenesta for inkje og vera fri mann.

3 Var han einsleg då han kom, so skal han og fara sin veg einsleg; var han gift, so skal kona hans vera med honom.

4 Hev han fenge ei kona av husbonden sin, og fær søner eller døtter med henne, so skal kona og borni høyra husbonden til, og sjølv skal han fara sin veg einsleg.

5 Men segjer tenaren so: «Eg held av husbonden min og kona mi og borni mine; eg vil ikkje vera fri og fara min veg,»

6 då skal husbonden føra honom fram for Gud; og leida honom innåt hurdi eller dørskii, og husbonden skal stinga ein syl gjenom øyra hans; sidan skal han tena honom all si tid.

7 Når ein mann hev selt dotter si til tenestgjenta, so kann ikkje ho tena seg fri liksom drengjerne.

8 Hev husbonden fest henne åt seg sjølv, og so ikkje likar henne, skal han lata henne få kjøpa seg fri; han skal ikkje hava rett til å selja henne til utlendingar, fyrst han ikkje held det han lova henne.

9 Men hevhan fest henne åt son sin, so skal ho njota same retten som døtterne hans eigne.

10 Tek han seg ei onnor attåt henne, so skal han ikkje lata den fyrste vanta kost eller klæde eller hjåsvæve.

11 Dersom han ikkje let henne få sin rett i desse tri stykki, so skal ho sleppa fri for inkje; ho skal ’kje leggja pengar.

12 Den som slær ein mann so han døyr, han skal lata livet.

13 Men hev han ikkje lege etter honom, og hev Gud laga det so at hin laut falla for handi hans, so skal eg nemna deg ein fredstad som han kann røma til.

14 Når ein mann er so gudlaus at han drep grannen sin med svik, då skal du taka honom, um det so er innmed altaret mitt: han skal døy.

15 Den som slær far sin eller mor si, skal lata livet.

16 Den som tek ein mann og sel honom eller held honom fanga, skal lata livet.

17 Den som bannar far sin eller mor si, skal lata livet.

18 Når tvo trættar, og den eine slær den andre med ein stein eller med neven, og hin ikkje døyr, men vert sengeliggjande,

19 og sidan kjem upp att, og gjeng ute med stav, då skal den som slo vera saklaus. Men han skal halda den andre skadelaus for den tidi han var ufør til arbeid, og kosta full lækjedom på honom.

20 Når ein mann slær drengen eller tenestgjenta si med ein stav, so dei døyr under henderne hans, då skal det hemnast.

21 Men liver dei ein dag eller tvo etterpå, so skal det ikkje hemnast; for dei var hans eigedom.

22 Når folk er i hop og slæst, og dei støyter til ei fremmeleg kvinna, so ho fer ille, men ikkje elles fær noko mein, so skal den som gjorde det gjeva i skadebot so mykje som mannen hennar legg på honom, eller og skal dei gjeva det under menner.

23 Men er det nokon som fær mein, so skal du gjeva liv for liv,

24 auga for auga, tonn for tonn, hand for hand, fot for fot,

25 og taka brune for brune, sår for sår, flengja for flengja.

26 Når ein mann slær drengen sin, eller tenestgjenta si, i auga, so det vert unytt, so skal han til bot for auga gjeva deim frie.

27 Slær han ut ei tonn på deim, so skal han gjeva deim frie til bot for tonni.

28 Når ein ukse stangar mann eller kona so dei døyr, då skal uksen steinast, og kjøtet må ikkje etast; eigarmannen er saklaus.

29 Men hev uksen fyrr vore olm, og eigaren er vara um det, og endå ikkje agtar honom, og han sidan drep mann eller kona, so skal uksen steinast, og eigaren skal og lata livet.

30 Vil dei taka bøter, so skal han gjeva i løysepening for livet sitt so mykje som dei legg på honom.

31 Stangar uksen svein eller møy, so gjeld same retten.

32 Stangar han dreng eller tenestgjenta, so skal eigaren bøta tretti sylvdalar til husbonden deira, og uksen skal steinast.

33 Når ein mann let ein brunn standa open, eller grev ein brunn og ikkje tekkjer yver, og ukse eller asen dett ned i,

34 då skal den som eig brunnen, gjera lika for det: han skal gjeva den som åtte dyret pengar att i staden, men den daude skrotten skal vera hans.

35 Når uksen åt ein mann stangar i hel ein framand ukse, då skal eigarane selja den uksen som liver, og byta pengarne millom seg, og den daude uksen skal dei og byta.

36 Men er det kunnigt at uksen var olm, og eigaren ikkje hev agta honom, so skal han gjeva ein ukse i staden, og sjølv hava den daude.

22. kapitlet

1 Når ein mann stel eit naut eller ein sau, og slagtar eller sel deim, då skal han gjeva fem naut i staden for nautet, og fire sauer for sauen.

2 Vert tjuven teken, medan han bryt seg inn, og slegen so han døyr, so skal det ikkje reknast for manndråp.

3 Men gjeng det fyre seg etter soli hev runne, so vert det ei dråpssak. Tjuven skal gjeva full bot. Eig han ikkje so mykje, so skal han seljast til bot for det han hev stole.

4 Vert tjuvegodset funne hjå honom, anten det er naut eller asen eller sau, og det endå er livande, so skal han bøta tvo for eitt.

5 Når ein mann beiter bøen eller vingarden sin, og slepper feet sitt utyver, so det gjer skade på annan manns eiga, då skal han gjeva i bot det beste som veks på bøen eller i vingarden hans.

6 Når det kjem upp lauseld og det fatar i eit klungergjerde, og kornskurv eller uskore korn eller heile åkeren brenn upp, då skal den bøta skaden som kveikte elden.

7 Når ein mann hev gjeve grannen sin pengar eller eignaluter til gøymings, og det vert stole utor huset det ligg i, då skal tjuven, so sant han vert funnen, tvibøta det.

8 Men vert ikkje tjuven funnen, so skal huseigaren ganga fram for Gud og vitna at han ikkje hev rett ut handi si etter det som grannen hans åtte.

9 Kvar gong det gjeld ei tjuvesak, anten det er eit naut eller eit asen eller ein sau eller klæde eller eitkvart anna som er burtkome, og so ein segjer: «Her er det!» då skal dei båe ganga fram for Gud, og den som Gud dømer skuldig, skal bøta tvifaldt til den andre.

10 Når ein mann hev sett burt eit asen eller eit naut eller ein sau eller noko anna dyr til grannen sin, og det døyr, eller kjem til skade, eller vert rana vitnelaust,

11 då skal eiden skilja millom deim: han skal kalla Herren til vitne på at han ikkje hev rett ut handi etter det som grannen hans åtte; den eiden skal eigaren taka for god, og hin skal ingi bot leggja.

12 Men vert det stole frå honom, so skal han gjera eigaren like for det.

13 Vert det ihelrive, so skal han syna det fram til prov; skaden skal han ikkje bøta.

14 Når ein mann låner fe av ein annan, og det kjem til skade eller døyr, og eigaren ikkje er med, skal han gjeva full bot,

15 men er eigaren med, so skal han ikkje bøta. Er det ein leigekar, so gjeng det av på løni hans.

16 Når ein lokkar ei møy som ikkje er trulova, og ligg hjå henne, då skal han gjeva henne festargåvor, og taka henne til kona.

17 Vil ikkje faren lata honom få henne, so skal hin leggja so mange pengar som møyar er vane å få i festargåva.

18 Ei trollkjerring skal du ikkje lata liva.

19 Kvar den som blandar seg med fe, skal lata livet.

20 Den som ofrar til avgudarne og ikkje til Herren åleine, han skal vera bannstøytt.

21 Dei framande skal du ikkje plåga eller fara hardt med; for de var sjølve framande i Egyptarlandet.

22 Enkjor og farlause skal de aldri vera harde mot.

23 Er de harde mot deim, og dei ropar til meg, so skal eg visst og sant høyra ropi deira,

24 og harmen min skal loga upp, og eg skal slå dykk med sverdet, so dykkar konor vert enkjor og borni dykkar farlause.

25 Låner du nokon av folket mitt, den fatige grannen din, pengar, so skal du ikkje fara som ein okrar med honom; de skal ikkje krevja renta av honom.

26 Fær du kjolen åt grannen din i vissa, so lat honom få honom att fyre soleglad.

27 For den er det einaste han hev til å sveipa kring seg; det er det han skal klæda likamen sin med; kva skal han elles liggja i? Og når han ropar til meg, skal eg høyra det; for eg er hjartemild.

28 Gud skal du ikkje hæda, og ein hovding i folket ditt skal du ikkje banna.

29 Du skal ikkje drygja med å gjeva meg av det som fyller løda di, og som dryp frå vinpersa di. Den frumborne sonen din skal du gjeva meg.

30 Det same skal du gjera med nauti dine og småfeet ditt; sju dagar skal frumsungen fylgja mor si; den åttande dagen skal du lata meg få honom.

31 Heilage menner skal de vera meg. Kjøt som de finn ihelrivne på marki, skal de ikkje eta; for hundarne skal de kasta det.

23. kapitlet

1 Far ikkje med ljugardrøs! Slå ikkje lag med den som hev ei rang sak, so du vitnar med honom og hjelper uretten.

2 Fylg ikkje flokken i det som vondt er! Tala ikkje soleis på tinget at du hallar etter hopen og rengjer retten!

3 Um det so er ein arming, so skal du ’kje snilda på saki hans.

4 Når du finn ein ukse eller eit asen som hev vildra seg burt, og som uvenen din eig, so skal du hava deim attende til honom!

5 Når du ser at asnet åt uvenen din hev sige under kløvi, so må du ’kje tenkja på å ganga ifrå honom; du lyt hjelpa honom å løysa kløvi!

6 Reng ikkje retten for fatigfolk på tinget!

7 Haldt deg burte frå alle lygnarsaker, so du ikkje vert skuld i at ein saklaus og rettferdig mann let livet! For den som er skuldig, dømer ikkje eg fri.

8 Tak ikkje mutor! For mutorne synskverver deim som ser klårt, og rengjer saki for dei som hev rett.

9 Far ikkje hardt med dei framande! For de veit korleis det er å kjenna seg framand; de var sjølve framande i Egyptarlandet.

10 Seks år skal du så til jordi di, og hausta det ho ber;

11 men det sjuande skal du lata henne liggja og kvila, so dei fatige i landet kann finna noko å liva av, og det som dei leiver, må villdyri eta; sameleis skal du gjera med vingarden din og oljetrei.

12 Seks dagar lyt du gjera arbeidet ditt; men den sjuande dagen skal du halda heilag, so uksen din og asnet ditt kann hava ro, og tenaren din og den framande mannen fær kvila seg.

13 Alt det eg hev sagt ifrå um, lyt de vara dykk for! Nokon annan gud må de ikkje nemna! Slikt må du aldri taka på tunga!

14 Tri gonger um året skal du halda høgtid for meg.

15 Fyrst er det søtebrødhelgi; då skal du i sju dagar eta søtt brød, soleis som eg hev sagt deg, på den tid eg hev sett, i aksmånaden; for då tok du ut frå Egyptarland. Og ingen må visa seg tomhendt for augo mine.

16 So er det skurdhelgi, når du skjer fyrstegrøda av det du sådde på åkeren, og so hausthelgi, når året er ute, og du samlar i hus det du hev avla på marki.

17 Tri vendor um året skal alle karmennerne dykkar møta for Drotten, for Herren.

18 Du skal ikkje bera fram blodet av offerdyri mine i hop med brød som er syrt, og feittet av høgtidsofferet mitt må ikkje verta liggjande natti yver, til morgons.

19 Det aller fyrste av grøda på marki di skal du bera til huset åt Herren, din Gud. Du skal ikkje sjoda kidet i mjølka åt mor si.

20 Sjå no sender eg ein engel framfyre deg; han skal vara deg på vegen, og fylgja deg fram til den staden som eg hev etla deg.

21 Tak deg i vare for honom, og lyd etter ordi hans! Set dykk ikkje upp imot honom! For han vil ikkje tola broti dykkar; i honom er eg sjølv.

22 Men lyder du so sant etter ordi hans og gjer alt det eg segjer, so skal eg hata deim som hatar deg, og trengja deim som trengjer deg.

23 For min engel min skal ganga fyre deg, og fylgja deg fram til amoritarne og hetitarne og perizitarne og kananitarne og hevitarne og jebusitarne, og eg vil øyda deim ut.

24 Du skal ikkje tena og ikkje tilbeda gudarne deira! Du skal ikkje gjera som dei gjer, men du skal riva ned avgudarne og slå sund minnesteinarne deira.

25 De skal tena Herren, dykkar Gud! Då skal han signa både brødet og vatnet for deg, og sott og sykja skal eg venda frå deg.

26 Det skal ikkje finnast kvende i landet ditt som fer ille eller ikkje er barnkjømd. Du skal få liva alderen ut.

27 Fælska for meg skal eg senda fyre deg; alle dei folki du kjem til, skal eg forvilla; eg skal laga det so at alle fiendarne dine syner deg ryggen.

28 Ein kvefsesvarm vil eg senda fyre deg; den skal støkkja burt både hevitar og kananitar og hetitar.

29 Eg vil ikkje driva deim ut på eitt år; for då kunde landet øydast, og villdyri verta for mange for deg.

30 Smått um senn vil eg jaga deim ut for deg, til dess du veks til, og tek landet i eige.

31 Og riket ditt det skal rekka frå Sevsjøen til Filistarhavet, og frå Øydemarki+ til Storelvi.++ So gjev eg no i henderne dykkar deim som bur og byggjer i landet, og du skal driva dei ut.

32 Aldri må du gjera noko samband med deim eller gudarne deira.

33 Dei må ikkje bu i landet ditt; for då kunde dei lokka deg til å synda mot meg, og tenar du gudarne deira, so vert det deg til ei snara.»»

24. kapitlet

1 Og til Moses sagde han: «Stig upp til Herren, du og Aron, og Nadab og Abihu, og sytti av dei øvste i Israel. Medan de endå er langt undan, skal de kasta dykk å gruve,

2 og Moses åleine skal ganga fram til Herren; men dei hine må ikkje ganga fram, og ålmugen må ikkje stiga med honom upp.»

3 Då Moses kom og bar upp for folket alle Herrens bod og rettar, då svara heile folket med ein munn: «Alle dei ordi som Herren hev gjeve, vil me halda.»

4 So skreiv Moses upp alle Guds bod, og morgonen etter reis han upp i otta, og bygde eit altar innunder fjellet, og reiste tolv minnesteinar for dei tolv Israels-ætterne.

5 Sidan sende han ut nokre unge menner av Israels-folket, som skulde laga til brennoffer og slagtoffer, og dei henta uksar og ofra takkoffer til Herren.

6 Og Moses tok helvti av blodet og hadde i bollarne; og den andre helvti skvette han på altaret.

7 So tok han sambandsboki og las upp for folket, og dei sagde: «Alt det Herren hev sagt, vil me gjera, og vera lyduge.»

8 Då tok Moses blodet og skvette på folket, og sagde: «Sjå dette blodet skal bera vitne um det sambandet som Herren hev gjort med dykk, og som er grunna på alle desse bodi.»

9 Sidan gjekk dei upp, Moses og Aron og Nadab og Abihu og sytti av dei øvste i Israel,

10 og dei såg Israels Gud; under føterne hans var som ein tram av safirhellor, klåre som himmelen sjølv.

11 Og han lyfte ikkje handi mot dei utvalde av Israel; dei skoda Gud, og sidan åt dei og drakk.

12 Og Herren sagde til Moses: «Kom upp til meg på fjellet, og ver her eit bil, so skal eg gjeva deg steintavlorne og lovi og bodi, som eg hev skrive upp og vil læra deim.»

13 Då gjekk Moses i veg med Josva, fylgjesveinen sin, og Moses steig upp på Gudsfjellet.

14 Og til dei øvste i Israel sagde han: «Ver no her og bia på oss, til me kjem attende! Her er Aron og Hur; dei skal vera hjå dykk. Er det nokon som hev ei sak, so kann han ganga til deim.»

15 So steig Moses upp på fjellet, og skyi sveipte seg tett ikring nuten.

16 Herlegdomen åt Herren heldt seg på Sinai, men skyi gøymde nuten i seks dagar. Den sjuande dagen ropa Herren til Moses utor skyi.

17 Og herlegdomen åt Herren var å sjå til for augo åt Israels-folket som ein logande eld på fjelltinden.

18 So gjekk Moses inn i skyi, og steig upp på nuten. Og Moses var på fjellet i fyrti dagar og fyrti næter.

25. kapitlet

1 Og Herren tala til Moses, og sagde:

2 «Seg med Israels-folket at dei skal koma med ei reida til meg! Kvar skal gjeva etter som han hev hjartelag til, og det dei gjev meg, skal de taka imot.

3 Gåvorne som de skal taka imot av deim, det lyt vara gull og sylv og kopar

4 og purpur og skarlak og karmesin og kvitt lin og geiteragg

5 og raudlita verskinn og markuskinn og akazietre,

6 olje til ljosestaken, kryddor til salvingsoljen og til den angande røykjelsen,

7 sjohamsteinar og andre dyre steinar til å setja på messehakelen og bringeduken.

8 Og dei skal gjera meg ein heilagdom, so vil eg bu imillom dei.

9 Både huset eg skal bu i og all husbunaden skal de i alle måtar gjera etter det bilætet eg vil syna deg.

10 Dei skal gjera ei kiste av akazietre, halvtridje aln lang og halvonnor aln breid og halvonnor aln høg.

11 Den skal du klæda med skirt gull, både utan og innan skal du gullklæda henne, og gjera ein gullkrans på henne, rundt ikring.

12 Du skal støypa fire gullringar, og festa deim i dei fire føterne på kista, tvo på den eine sida og tvo på den andre.

13 So skal du gjera stenger av akazietre og klæda deim med gull,

14 og smøygja deim inn i ringarne på sidorne av kista; dei skal vera til å bera henne etter.

15 Stengerne skal allstødt sitja i ringarne på kista; dei må aldri takast utor.

16 I den kista skal du leggja lovtavlorne som eg vil gjeva deg.

17 So skal du gjera eit lok av skirt gull, halvtridje aln lang og halvonnor aln breidt.

18 På endarne av det skal vera tvo kerubar; deim skal du gjera av drive gull.

19 Den eine keruben skal vera ytst på den eine enden og den andre ytst på hin enden; i eitt med loket skal de gjera kerubarne, ein på kvar ende.

20 Kerubarne skal halda vengjerne utbreidde og upplyfte, so dei tekkjer yver loket med vengjerne sine, og andliti deira skal snu imot einannan: dei skal vende augo mot loket.

21 So skal du leggja loket på kista, og inni kista skal du leggja lovtavlorne som eg vil gjeva deg.

22 Og sidan vil eg møtast med deg der; frå romet yver loket millom båe kerubarne som er ovanpå lovtavlekista, vil eg tala med deg kvar gong eg sender deg med bod til Israels-folket.

23 So skal du gjera eit bord av akazietre, tvo alner langt og ei aln breidt og halvonnor aln høgt.

24 Du skal klæda det med skirt gull, og gjera ein gullkrans på det, rundt ikring.

25 Ei løvdebreid list skal du gjera rundt um det, og på listi skal du gjera ein gullkrans, som gjeng heilt ikring.

26 So skal du gjera fire gullringar, og deim skal du setja i dei fire hyrno på dei fire bordføterne.

27 Tett uppmed listi skal ringarne sitja; dei skal vera til å smøygja berestenger inn i.

28 Stengerne skal du gjera av akazietre, og klæda deim med gull; deim er det bordet skal berast i.

29 Sidan skal du gjera dei fati og skålerne som høyrer til bordet, og kannorne og bollarne som de skal skjenkja drykkoffer av; alt dette skal du gjera av skirt gull.

30 På bordet skal du allstødt setja fram skodebrød for meg.

31 So skal du gjera ein ljosestake av skirt gull; drive arbeid skal det vera, både hoven og leggen. På staken skal det vera blomar, knuppar og utsprotne blad, og dei skal vera samgjorde med honom.

32 Seks armar skal greina seg ut ifrå honom, tri på den eine sida og tri på den andre.

33 På den eine armen skal det vera tri utsprotne mandelblomar, med knupp og blad, og på den andre armen skal og vera tri utsprotne mandelblomar, med knupp og blad, og soleis på alle dei seks armarne som greinar seg ut ifrå ljosestaken.

34 På sjølve staken skal det vera fire utsprotne mandelblomar, med knupp og blad:

35 ein blomsterknupp under dei fyrste tvo armarne, og ein under dei næste tvo armarne, og ein under det tridje paret av dei seks armarne som greinar seg ut ifrå ljosestaken.

36 Både blomsterknupparne og armarne skal vera samsmidde med staken: alt skal vera eitt heilgjort arbeid av drive skirt gull.

37 So skal du gjera lamporne til ljosestaken, sju i talet, og dei skal setjast upp so ljoset fell på den veggen som er midt imot staken.

38 Sakserne og saksplatorne som høyrer til, skal vera av skirt gull.

39 Tri vågar skirt gull skal de bruka til ljosestaken og alle desse gognerne.

40 Sjå no til at du fær gjort dette etter det bilætet som vart synt deg på fjellet.

26. kapitlet

1 Huset skal du gjera av ti åklædevever av kvitt tvinna lingarn og purpur og skarlak og karmesin, og i deim skal du veva inn fagre englebilæte.

2 Kvar vev skal vera åtte og tjuge alner lang og fire alner breid: alle veverne skal halda same målet.

3 Fem av veverne skal skøytast i hop til eitt tæpe, og sameleis dei hine fem veverne.

4 I jaren på den fyrste veven, ytst på det eine tæpet, skal du gjera lykkjor av purpurgarn, og sameleis i jaren på den ytste veven i det andre tæpet.

5 Femti lykkjor skal du gjera på den fyrste veven, og femti lykkjor i jaren på den som høyrer til det andre tæpet; lykkjorne skal svara mot kvarandre.

6 Og femti gullkrokar skal du gjera og hekta åklædetæpi i hop, so det vert eit hus av deim.

7 So skal du veva ryor av geiteragg til tekkja yver huset; elleve ryor skal du veva.

8 Kvar vev skal vera tretti alner lang og fire alner breid; alle dei elleve veverne skal halda same målet.

9 Fem av ryeveverne skal du skøyta i hop til eit tæpe for seg, og dei hine seks til eit anna tæpe, og den sette veven skal du bretta i hop på framsida av taket.

10 I jaren på den fyrste veven, den som er ytst i det eine tæpet, skal du gjera femti lykkjor, og i jaren på den andre skøytingsveven femti lykkjor.

11 Og femti koparkrokar skal du gjera, og hekta deim i lykkjorne, og soleis festa raggetæpi i hop, so det vert eitt tak av deim.

12 Vil du vita kva du skal gjera med det som gjeng av på raggetæpi, so skal helvti av den veven som gjeng av, hanga ned på baksida av huset,

13 og den eine alni på kvar led som raggetæpi er for lange, skal hengjast ned etter båe sideveggjerne, til livd for huset.

14 Yver raggetæpi skal du gjera eit tak av raudlita verskinn, og ovanpå det att eit tak av markuskinn.

15 Veggjerne i huset skal du gjera av akazieplankar. Plankarne skal reisast på ende;

16 dei skal vera ti alner lange og halvonnor aln breide,

17 og på kvar av deim skal det vera tvo tappar med ei tverlist imillom. So skal du gjera med alle plankarne i huset.

18 Tjuge av dei plankarne du gjer til huset, skal du reisa på solsida, mot sud.

19 Og fyrti sylvstabbar skal du gjera og setja under dei tjuge plankarne, tvo under kvar planke, til å festa båe tapparne i.

20 På den andre sida av huset, på nordsida, skal det og vera tjuge plankar,

21 med sine fyrti sylvstabbar, tvo under kvar planke.

22 Til baksida av huset, mot vest, skal du gjera seks plankar,

23 og til hyrno på den same sida tvo plankar;

24 dei skal vera tviluta alt nedantil, og båe luterne skal halda fullt mål heilt upp åt taket, til den fyrste ringen; so skal dei vera laga båe tvo; dei skal standa i kvar sitt hyrna.

25 Soleis vert det på baksida åtte plankar med sylvstabbarne sine, tvo under kvar planke.

26 So skal du gjera tverstokkar av akazietre, fem til den eine langveggen på huset,

27 og fem til den andre langveggen, og fem til tverveggen på baksida av huset, mot vest.

28 Midtstokken, den som er midt på plankeveggen, skal ganga langs etter heile veggen, frå ende til ende.

29 Plankarne skal du klæda med gull, og ringarne på deim som tverstokkarne ligg i, skal du gjera heiltupp av gull; tverrstokkarne skal du og gullklæda.

30 Du lyt setja upp huset på rette gjerdi, soleis som det vart synt deg på fjellet.

31 So skal du gjera eit forheng av purpur og skarlak og karmesin og kvitt tvinna lingarn; væne englebilæte skal vera innvovne i det.

32 Du skal festa det til fire gullklædde akaziestolpar, som det er gullhakar på, og som stend på fire sylvstabbar,

33 og so skal du hengja det upp etter krokarne. Innanfor forhenget skal du setja lovtavlekista; og forhenget skal for dykk vera skilnaden millom det heilage og det heilagste romet.

34 So skal du leggja loket på lovtavlekista, der ho stend i det heilagste romet.

35 Bordet skal du setja utanfor forhenget, og ljosestaken midt imot bordet, innmed den søre veggen i huset; for bordet skal du setja innåt nordveggen.

36 Til døri på tjeldet skal du gjera eit tæpe av purpur og skarlak og karmesin og kvitt tvinna lingarn. Det skal vera utsauma med rosor.

37 Du skal gjera fem akaziestolpar til det, og deim skal du gullklæda; dei skal hava hakar av gull, og du skal støypa fem koparstabbar til deim.

27. kapitlet

1 Altaret skal du gjera av akazietre, fem alner langt og fem alner breidt: firkanta skal altaret vera, og tri alner høgt.

2 På kvart av dei fire hyrno skal du gjera eit horn, og horni skal vera i eitt med altaret. Heile altaret skal du klæda med kopar.

3 Sidan skal du gjera dei oskefati som høyrer til, og eldskuflerne og blodbollarne og steikjespiti og glodpannorne; alle desse gognerne skal du gjera av kopar.

4 So skal du laga ei kopargrind til altaret, på gjerd som eit net. På den grindi skal du gjera fire koparringar, ein i kvart hyrna,

5 og so skal du setja henne under altarskori, nedantil, so ho rekk midt uppå altaret.

6 So skal du gjera stenger til altaret. Dei skal vera av akazietre, og du skal klæda deim med kopar;

7 dei skal smøygjast inn i ringarne, so dei er på båe sidor av altaret, når det vert bore.

8 Altaret skal du gjera av bord; det skal vera holt. Som det vart synt deg på fjellet, so skal det gjerast.

9 So skal du gjera eit tun kring huset, og det skal vera innegjerdt. På solsida, mot sud, skal du setja ein gard av kvitt linlereft; han skal vera hundrad alner lang på den sida.

10 Stolparne i garden og stabbarne dei stend på, skal vera av kopar og tjuge i talet; men hakarne og teinarne som høyrer til, skal vera av sylv.

11 Sameleis på den nørdre langsida ein lereftsgard som er hundrad alner langt, med tjuge stolpar og stabbar av kopar og hakar og teinar av sylv.

12 På den eine tversida av tunet, mot vest, skal du setja ein lereftsgard på femti alner; i den skal det vera ti stolpar, og under deim ti stabbar.

13 På den andre tversida, den som snur frametter, mot aust, skal tunet og halda femti alner på breiddi:

14 Femtan alner lereftsgard skal det vera på den eine ledi, med tri stolpar og stabbarne som høyrer til,

15 og på den andre leidi og femtan alner lereftsgard og tri stolpar med kvar sin stabbe;

16 og i tunporten skal det vera eit tæpe av purpur og skarlak og karmesin og kvitt tvinna lingarn, tjuge alner breidt og utsauma med rosor; stolparne som det skal festast til og stabbarne dei stend på, skal vera fire i talet.

17 Alle stolparne i garden skal vera bundne i hop med sylvteinar; hakarne på deim skal vera av sylv, og stabbarne under deim av kopar.

18 Lengdi på tunet skal vera hundrad alner, og breiddi på båe sidor femti alner. Garden skal vera av kvitt linlereft, og fem alner høgt. Stabbarne til honom skal vera av kopar.

19 Alle arbeidsgognerne i huset, og alle pålarne både til huset og garden skal vera av kopar.

20 Seg no du til Israels-folket at dei skal gjeva deg skir olje av sundstøytte oljeber til ljosestaken, so lamporne kann setjast upp til kvar tid.

21 I møtetjeldet, utanfor tæpet som heng attfor lovtavlorne, skal Aron og sønerne hans stella lamporne, so dei kann lysa for Herrens åsyn frå kveld til morgon; det skal vera ei fast sed hjå Israels-folket, ætt etter ætt, i all æva.

28. kapitlet

1 So skal du kalla Aron, bror din, fram or Israels-lyden, både honom og sønerne hans, og setja deim til prestar for meg, Aron, og Nadab og Abihu, og Eleazar og Itamar, sønerne hans Aron.

2 Og du skal gjera Aron, bror din, heilage klæde, til æra og til prydnad.

3 Du skal tala med alle deim som er hage av seg, og som eg hev fyllt med kunstnarånd, og so skal dei gjera den klædebunaden som Aron skal hava på seg, når han vert vigd til prest.

4 Høyr no kva det er for klæde dei skal gjera: ein bringeduk og ein messehakel og ein prestekjole og ein brogdut underkjole og ei huva og eit belte. Det er den heilage klædebunaden dei skal gjera til Aron, bror din, og sønerne hans, so han kann vera presten min,

5 og til det skal dei bruka gull og purpur og skarlak og karmesin og kvitt lingarn.

6 Messehakelen skal dei gjera av gull og purpur og skarlak og karmesin og kvitt tvinna lingarn. Han skal vera vænt voven,

7 og hava tvo aksleband som er feste innåt honom, eitt på kvar ende; dei skal vera til å hekta honom i hop med.

8 Det skal vera ei livgjord på honom, og den skal vera like eins vovi og av same tyet som messehakelen, gull og purpur og skarlak og karmesin og kvitt tvinna lingarn.

9 So skal du taka tvo av sjohamsteinarne; på deim skal du grava inn namni åt Israels-sønerne,

10 seks på kvar stein, etter alderen;

11 på same måten som dei skjer ut i stein, eller grev ein seglring, skal du grava inn namni åt Israels-sønerne på desse tvo steinarne, og so skal du fella deim inn i fatingar av tvinna gull.

12 Båe steinarne skal du setja på akslebandi åt messehakelen, so dei skal minna um Israels-sønerne; og når Aron stend for Herrens åsyn, skal han bera namni åt Israels-sønerne på båe herdarne sine, til ei minning.

13 Sidan skal du gjera sylgjor av tvinna gull.

14 Og tvo lekkjor av skirt gull skal du gjera; dei skal vera slyngde på same måten som dei slyngjer snorer. Desse snorlekkjorne skal du festa i sylgjorne.

15 So skal du gjera ein domsbringeduk. Vænt rosa skal han vera, som messehakelen; av gull og purpur og skarlak og karmesin og kvitt tvinna lingarn skal du gjera honom.

16 Han skal vera firkanta og tvilagd, ei spann på lengdi og ei spann på breiddi,

17 og sett med dyre steinar, som stend i fire rader. I ei rad skal vera ein karneol og ein topas og ein smaragd; det er den fyrste radi.

18 I den andre radi skal vera ein rubin og ein safir og ein beryll,

19 og i den tridje radi ein hyacint og ein agat og ein ametyst,

20 og i den fjorde radi ein krysolit og ein sjoham og ein jaspis. Dei skal vera innfelte i fatingar av tvinna gull.

21 Steinarne skal vera tolv i talet liksom Israels-sønerne, og på kvar stein skal namnet åt ei av dei tolv ætterne vera inngrave som på ein seglring.

22 So skal du gjera lekkjor av skirt gull, slyngde som snorer, til bringeduken.

23 Og du skal gjera tvo gullringar til honom; deim skal du setja i kvar sitt hyrna på bringeduken,

24 og dei tvo gullsnorerne skal du festa i dei tvo ringarne som sit i hyrno på bringeduken.

25 Dei hine tvo endarne av båe snorerne skal du festa i dei tvo sylgjorne, og sylgjorne skal du setja på akslebandi åt messehakelen, på framsida.

26 So skal du gjera tvo andre gullringar og setja i dei hine tvo hyrno på bringeduken, på den sida som vender inn imot messehakelen.

27 Og endå tvo gullringar skal du gjera og setja på båe akslebandi åt messehakelen, nedantil på framsida, der som han er hekta i hop, ovanfor livgjordi.

28 So skal dei med ei purpursnor binda ringarne på bringeduken til ringarne på messehakelen, so bringeduken sit ovanfor livgjordi og ikkje kann rikkast frå messehakelen.

29 Og når Aron gjeng inn i heilagdomen og stend framfor augo åt Herren, då skal han bera namni åt Israels-sønerne innmed hjarta sitt, på domsbringeduken, so Herren all tid skal koma deim i hug.

30 Inn i domsbringeduken skal du leggja urim og tummim; dei skal liggja innmed hjarta åt Aron, kvar gong han stig fram for Herrens åsyn, so Aron all tid skal bera domen yver Israels-borni på hjarta sitt framfor Herren.

31 Prestekjolen, som er til å bera under messehakelen, skal du gjera av purpur all igjenom.

32 Midt på honom skal det vera eit halssmog med ei vovi borda ikring, som halssmoget på ei brynja, so han ikkje skal rivna.

33 Rundt ikring falden skal du setja duskar, på gjerd som granateple, av purpur og skarlak og karmesin, og imillom dei gullbjøllor, alt ikring,

34 fyrst ei gullbjølla og ein dusk, so ei gullbjølla og ein dusk att, og soleis rundt um heile falden på kjolen.

35 Den kjolen skal Aron hava på seg kvar gong han held gudstenesta, so ljoden av honom kann høyrast, når han gjeng inn i heilagdomen og stig fram for Herren, og når han gjeng ut att, so han ikkje skal døy.

36 So skal du gjera ei spong av skirt gull, og på den skal du grava inn, som på ein seglring, desse ordi: «Vigd åt Herren».

37 Du skal festa henne i huva med ei purpursnor: framme på huva skal ho sitja.

38 Uppyver skallen hans Aron skal ho sitja, so Aron kann svara for veilorne i dei heilage offeri som Israels-borni vigjer til Herren - alle dei vigde gåvorne som dei ber fram. Ho skal all tid sitja uppyver skallen hans, so dei skal vera velsedde for Herrens åsyn.

39 So skal du gjera ein brogdut underkjole av lin, og ei huva av lin, og eit belte med rosesaum.

40 Og til sønerne hans Aron skal du gjera underkjolar, og du skal gjera deim belte, og hovudplagg skal du gjera deim, til æra og til prydnad.

41 Med dette skal du klæda Aron, bror din, og sønerne hans, og so skal du salva deim og setja deim inn i embættet og vigja deim til prestar for meg.

42 So skal du gjera deim lereftsbrøker til å gøyma blygsli si med: frå mjødmarne og ned på låri skal brøkene nå.

43 Og Aron og sønerne hans skal hava deim på seg, når dei gjeng inn i møtetjeldet eller stig fram åt altaret og held gudstenesta i heilagdomen, so dei ikkje skal føra skuld yver seg og lata livet. Det skal vera ei lov for honom og ætti hans i all æva.

29. kapitlet

1 Høyr no kva du skal gjera med deim, når du vigjer deim til prestar: Du skal taka ein ung ukse og tvo verar som ikkje hev lyte,

2 og so søtt omnsbrød og hellekakor med olje i og tunnbrødleivar som er smurde med olje. Alt dette skal du laga av fint kveitemjøl.

3 Du skal leggja deim i ei korg, og so skal du bera det fram i korgi, og leida fram uksen og verarne.

4 Aron og sønerne hans skal du kalla burt åt døri til møtetjeldet og två deim med vatn.

5 So skal du taka den heilage klædebunaden, og klæda Aron med underkjolen og prestekjolen, og hava på honom messehakelen og bringeduken, og binda livgjordi um honom,

6 og setja huva på hovudet hans, og den heilage gullspongi i huva,

7 og du skal taka salvingsoljen og hella ut yver hovudet hans og salva honom.

8 So skal du kalla fram sønerne hans, og klæda deim med kjolar,

9 og spenna beltet um deim, både um Aron og sønerne, og binda hovudplagg på deim, og sidan skal dei hava retten til prestedømet i all æva. So skal du setja Aron og sønerne hans inn i preste-embættet.

10 Du skal leida uksen fram åt møtetjeldet, og Aron og sønerne hans skal leggja henderne på hovudet åt uksen.

11 Og du skal slagta uksen framfor augo åt Herren, i døri til møtetjeldet.

12 So skal du taka noko av blodet og strjuka på altarhorni med fingeren, og alt hitt blodet skal du hella ut innmed altarfoten.

13 Heila netja og den store livreflaga og båe nyro med talgi som er på deim, skal du taka og brenna på altaret, so røyken stig upp imot himmelen.

14 Men kjøtet av uksen og hudi og goret skal du brenna upp utanfor lægret. Dette er eit syndoffer.

15 So skal du taka den eine veren, og Aron og sønerne hans skal leggja henderne på hovudet åt veren.

16 Og du skal slagta veren og taka blodet og skvetta rundt ikring på altaret.

17 Sjølve veren skal du lema sund, og innvolen og føterne skal du två og leggja ovanpå lemerne og hovudet.

18 Og so skal du brenna heile veren på altaret, so røyken stig upp imot himmelen; det er eit brennoffer åt Herren, eit eldoffer er det, som stig upp til Herren med kveikjande ange.

19 So skal du taka den andre veren, og Aron og sønerne hans skal leggja henderne på hovudet åt veren.

20 Og du skal slagta veren og taka noko av blodet og strjuka på den høgre øyresnippen åt Aron og sønerne hans og på den høgre tumarsfingeren og høgre tumarståi deira, og hitt blodet skal du skvetta rundt ikring på altaret.

21 So skal du taka noko av det blodet som er på altaret og noko av salvingsoljen og skvetta på Aron og klædi hans, og sameleis på sønerne hans og klædi deira, so vert han og klædi hans vigsla, og like eins sønerne hans og klædi deira.

22 Sidan skal du taka det feitaste av veren, både spælen og netja og den store livreflaga og båe nyro med talgi som er på deim, og so det høgre låret; for dette er ein vigslever.

23 Og or søtebrødkorgi som stend framfor augo åt Herren, skal du taka eit kakebrød og ei oljekaka og ein tunnbrødleiv.

24 Alt dette skal du leggja i henderne på Aron og sønerne hans, og svinga det att og fram for Herrens åsyn.

25 Sidan skal du taka det utor henderne deira, og brenna det på altaret i hop med brennofferet, so det kann anga godt for Herren; det er eit eldoffer til Herren.

26 So skal du taka bringa av vigsleveren åt Aron og svinga henne att og fram for Herrens åsyn; den skal vera din lut.

27 Og svingebringa og lyftelåret, det som vert svinga og det som vert lyft av vigsleveren åt Aron og sønerne hans, det skal du lysa heilagt;

28 det skal vera retten åt Aron og sønerne hans hjå Israels-folket i all æva; for det er ei reida, ei reida som Israels-folket skal gjeva av takkofferi sine, ei reida frå deim til Herren.

29 Den heilage klædebunaden åt Aron skal sønerne hans erva; den skal dei hava på seg når dei vert salva og innsette i embættet.

30 Sju dagar skal den av sønerne som vert prest i staden hans, bera denne bunaden, han som gjeng inn i møtetjeldet og gjer tenesta i heilagdomen.

31 Du skal taka vigsleveren og sjoda kjøtet på ein heilag stad.

32 Og kjøtet av veren og brødet som er i korgi, skal Aron og sønerne hans eta i døri til møtetjeldet.

33 Dei skal eta det soningsofferet som vert frambore når dei vert innsette i embættet og vigde til prestar. Men framande folk må ikkje eta av det; for det er heilagt.

34 Og vert noko av vigsleofferkjøtet eller av brødet liggjande til morgons, so skal du brenna det upp. Det må ikkje etast; for det er heilagt.

35 Soleis er det du skal gjera med Aron og sønerne hans; du skal i alle måtar gjera som eg segjer deg fyre. Sju dagar skal prestevigsla vara,

36 og kvar dag skal du ofra ein ung ukse til syndoffer og soning; du skal reinsa altaret for synd, med di du gjer soning for det, og du skal salva det og vigsla det.

37 Sju dagar skal du gjera soning for altaret og vigsla det, og då skal altaret vera høgheilagt; kvar den som kjem nær altaret, skal vera vigd til heilagdomen.

38 Tvo årsgamle lamb skal du dagstødt ofra på altaret.

39 Det eine lambet skal du ofra um morgonen, og det andre soleglads bil.

40 Tiandeparten av ei skjeppa fint kveitemjøl, blanda med ei halvkanna av den finaste beroljen, skal du hava attåt det fyrste lambet, og til drykkoffer ei halvkanna vin.

41 Det andre lambet skal du ofra soleglads bil; med same grjonofferet som um morgonen, og same drykkofferet, skal du bera det fram, til ein kveikjande ange, ein rjukande rett for Herren.

42 Det er det brennofferet som de og etterkomarane dykkar dagstødt skal bera fram for Herrens åsyn i døri til møtetjeldet, der som eg vil møtast med dykk og tala til deg.

43 Der er det eg vil møtast med Israels-borni, og huset skal helgast av herlegdomen min.

44 Både møtetjeldet og altaret vil eg helga, og Aron og sønerne hans vil eg vigja til prestar for meg.

45 Eg vil bu midt imillom Israels-folket og vera deira Gud,

46 og dei skal sanna at eg er Herren, deira Gud, som leidde deim ut or Egyptarlandet, og vil bu millom deim, eg, Herren, deira Gud.

30. kapitlet

1 So skal du gjera eit altar til å brenna røykjelse på. Av akazietre skal du gjera det,

2 ei alen langt og ei alen breidt; firkanta skal det vera og tvo alner høgt, og hava horn som er samgjorde med det.

3 Du skal klæda det med skirt gull, både ovanpå og rundt ikring på sidorne og på horni, og gjera ein gullkrans på det heilt ikring.

4 Nedanfor kransen på dei tvo sidorne skal du setja tvo gullringar, tvo på kvar sida, dei skal det smøygjast stenger inn i til å bera altaret etter.

5 Stengerne skal du gjera av akazietre, og klæda deim med gull.

6 Dette altaret skal du setja framanfor forhenget som heng attfor lovtavlekista, beint framfor loket som ligg yver lovtavlorne, der som eg vil møtast med deg.

7 Og Aron skal brenna angande røykjelse på det: kvar morgon når han steller lamporne, skal han brenna røykjelsen;

8 og det same skal han gjera, når han set upp lamporne i kveldingi. Dette røykofferet skal de og etterkomarane dykkar dagstødt bera fram for Herrens andlit.

9 De må ikkje ofra framand røykjelse på det, og ikkje brennoffer eller grjonoffer; heller ikkje må de hella ut drykkoffer på det.

10 Ein gong um året skal Aron strjuka blodet av sonings-syndofferet på alterhorni; mann etter mann skal han og etterkomarane hans ein gong um året gjera soning for altaret; då er det høgheilagt for Herren.»

11 Og Herren tala til Moses, og sagde:

12 «Når du held manntal yver Israels-folket, so skal alle dei som kjem med i manntalet, gjeva Herren løysepengar for livet sitt med same dei vert talde, so det ikkje skal koma nokor ulukka yver deim for teljingi skuld.

13 Ein halv dalar i heilag mynt - etter tjuge gera i dalaren - skal kvar gjeva, som kjem med i manntalet. Denne halve dalaren skal vera ei reida til Herren.

14 Alle dei som vert talde, frå tjugeårsalderen og uppetter, skal leggja denne reida til Herren.

15 Dei rike skal ikkje gjeva meir, og dei fatige ikkje mindre enn ein halv dalar, når de legg denne reida åt Herren til løysepengar for livet dykkar.

16 Og du skal taka imot løysepengarne av Israels-folket og bruka deim til gudstenesta i møtetjeldet, so det kann vera ei minning for Herren um Israels-folket og ein løysepening for livet deira.»

17 Og Herren tala meir til Moses, og sagde:

18 «Du skal gjera ei tvåttebalja av kopar; foten under henne skal og vera av kopar, og du skal setja henne millom møtetjeldet og altaret, og hava vatn i henne.

19 Og Aron og sønerne hans skal taka av vatnet, og två henderne og føterne sine;

20 kvar gong dei gjeng inn i møtetjeldet, skal dei två seg i vatnet, so dei ikkje skal lata livet, og like eins når dei stig fram åt altaret og skal halda gudstenesta og brenna eldoffer åt Herren.

21 Dei skal två hender og føter; elles lyt dei døy. Det skal vera ei lov for honom og ætti hans, mann etter mann, i all æva.»

22 Og Herren tala endå meir til Moses, og sagde:

23 «Få deg angande kryddor av dei gjævaste som er: sjølvrunnen myrra, tretti merker, og egte kanelbork, helvti so mykje eller femtan merker, og krydderøyr, femtan merker,

24 og kassia, tretti merker, alt etter heilag vegt, og so ein åttung av den finaste beroljen.

25 Av det skal du laga ein heilag salvingsolje, ei kryddemyrsel, soleis som dokterane lagar salve. Ein heilag salvingsolje skal det vera,

26 og med den skal du salva møtetjeldet og lovtavlekista

27 og bordet med alt det som til høyrer, og ljosestaken med det som høyrer til honom, og røykofferaltaret

28 og brennofferaltaret med alt det som til høyrer, og balja med foten ho stend på.

29 Du skal vigsla deim, so dei vert høgheilage; kvar den som kjem nær deim, skal vera vigd åt heilagdomen.

30 Og Aron og sønerne hans skal du salva og vigja til prestar for meg.

31 Og du skal tala til Israels-folket og segja: «Denne salvingsoljen skal de og etterkomarane dykkar vigja åt meg.

32 Han må ikkje koma på likamen på kvar manns likam, og de må ikkje laga annan olje som er soleis blanda som denne. Heilag er han, og heilag skal de halda honom.

33 Den som lagar maken til denne kryddesalven, eller brukar honom på framande, han skal rydjast ut or folket sitt.»»

34 Og endå sagde Herren det til Moses: «Få deg sterke røykjekryddor: myrrakvåda og angeskjel og galban, desse tri kryddeslagi, og so rein angekvåda, like mykje av kvart!

35 Det skal du gjera røykjelse av, ei kryddeblanding slik som apotekarane lagar, salta, rein, vigsla.

36 Noko av det skal du mylja smått og leggja framfor lovtavlorne i møtetjeldet, der som eg vil møtast med deg; høgheilagt skal de halda det.

37 Røykjelse som er soleis blanda som denne, må de ikkje laga åt dykk sjølve; han skal vera vigd åt Herren.

38 Den som lagar slik røykjelse til å anga på, han skal rydjast ut or folket sitt.»

31. kapitlet

1 Og Herren tala atter til Moses, og sagde:

2 «Sjå no hev eg kåra og kalla Besalel, son åt Uri Hursson, av Juda-ætti,

3 og fyllt han med guddomsånd, med kunstgivnad og vit og kunnskap og godt lag til alt handverk,

4 so han kann skapa kunstverk og smida deim ut både i gull og i sylv og i kopar,

5 og ferda til glimesteinarne som skal fellast inn, og skjera ut i tre, og greida allslags kunstarbeid.

6 Og til hjelpesmann hev eg gjeve honom Åhåliab, son åt Akhisamak av Dans-ætti, og i alle hage menner hev eg lagt kunstnargåva, so dei kann laga alt det eg hev sagt deg:

7 møtetjeldet og kista til lovtavlorne, og loket som skal leggjast på henne, og all husbunaden i tjeldet,

8 bordet med alt som til det høyrer, og gull-ljosestaken med alt det som høyrer til den, og røykjelsealtaret,

9 og brennofferaltaret med alt som høyrer attåt, og balja med foten under,

10 og embætsskrudet, og den heilage klædebunaden åt Aron, presten, og messeklædi åt sønerne hans,

11 og salvingsoljen og den angande røykjelsen til heilagdomen. Dette skal dei i eitt og alt gjera so som eg hev sagt deg.»

12 Og Herren tala endå meir til Moses, og sagde:

13 «Tala du til Israels-folket og seg: «Gløym no ikkje å høgtida helgarne mine! For det skal vera eit merke på sambandet vårt i alder og æva, so de skal vita at det er eg, Herren, som helgar dykk.

14 Di skal de høgtida kviledagen; han skal vera dykk heilag. Den som vanhelgar honom, skal visst og sant lata livet; kvar mann som då gjer noko arbeid, han skal rydjast ut or ætti si.

15 Seks dagar lyt de arbeida og vera onnuge, men den sjuande dagen skal vera ein heilag kviledag, vigd åt Herren. Kvar den som hev noko arbeid fyre seg på um helgi, skal døy.

16 So skal då Israels-folket koma i hug kviledagen, og halda honom heilag, ætt etter ætt i all æva;

17 det skal vera eit ævelegt merke på sambandet millom meg og Israels-folket. For i seks dagar skapte Herren himmelen og jordi, men den sjuande dagen heldt seg roleg og kvilde.»»

18 Då han hadde tala til endes med Moses på Sinaifjellet, gav han honom dei tvo lovtavlorne; det var steintavlor som Gud hadde skrive på med fingeren sin.

32. kapitlet

1 Då folket såg at Moses drygde med å koma ned av fjellet, so flokka dei seg um Aron, og sagde med han: «Kom, gjer oss ein gud som kann ganga framfyre oss! For me veit ikkje kvar det hev vorte av denne Moses, som fylgde oss ut or Egyptarland.»

2 Då sagde Aron til deim: «Tak gullringarne som konorne og sønerne og døtterne dykkar hev i øyro, og kom til meg med deim!»

3 Då reiv alt folket gullringarne or øyro sine, og kom til Aron med deim.

4 Og Aron tok imot gullet, og støypte det um, og laga det med beitelen, so det vart som ein kalv. Då ropa dei: «Dette er guden din, Israel, han som fylgde deg ut or Egyptarland!»

5 Då Aron såg det, bygde han eit altar for honom, og ropa ut: «I morgon er det høgtid for Herren!»

6 Dagen etter reis folket upp i otta, og ofra brennoffer, og bar fram takkoffer; sidan sette dei seg til å eta og drikka, og stod so upp att og gav seg til å leika.

7 Då sagde Herren til Moses: «Skunda deg og gakk ned att! Folket ditt, som du fylgde ut or Egyptarland, hev fare stygt åt.

8 Dei var snøgge til å taka utav den vegen eg sagde dei skulde fylgja. No hev dei støypt seg ein gullkalv; den legg dei seg på kne for og ofrar til honom og ropar: «Dette er guden din, Israel, han som førde deg ut or Egyptarland!»

9 «Eg hev havt auga med dette folket,» sagde Herren til Moses, «og set at det er eit hardkyndt folk.

10 Lat meg no få råda, so vil eg sleppa harmen min laus, og gjera ende på deim, og sidan vil eg gjera deg til eit stort folk.»

11 Men Moses freista å blidka Herren sin Gud og sagde: «Herre, kvi vil du sleppa harmen din laus imot folket ditt, som du hev henta ut or Egyptarlandet med di store magt og di sterke hand?»

12 Skal då egyptarane få det å segja: «Det var ikkje for det gode han fylgde deim ut or landet; han vilde drepa deim i fjelli og rydja deim or verdi»? Døyv harmen som brenn i deg, og legg ned hemntankarne mot folket ditt.

13 Kom i hug det du lova Abraham og Isak og Israel, tenarane dine, då du svor ved deg sjølv: «Eg vil auka ætti dykkar, so ho vert som stjernorne på himmelen, og heile dette landet som eg hev tala um, det vil eg gjeva etterkomarane dykkar; og dei skal eiga det i all æva.»»

14 Då angra Herren at han hadde lova folket sitt vondt.

15 So gjekk Moses ned att av fjellet, og i handi hadde han dei tvo lovtavlorne, tavlor som var fullskrivne på båe sidor; alle stader var det skrive på deim.

16 Og tavlorne dei var Guds eige arbeid, og skrifti ho var Guds eigi skrift, som var inngravi på tavlorne.

17 Då Josva høyrde omen av folket som stima og ståka, so sagde han med Moses: «Eg høyrer stridsljod i lægret.»

18 «Dette er ikkje fagnadrop frå folk som vinn, og ikkje vådeskrik frå folk som fell; for meg lydest det som mangrøysta song,» svara Moses.

19 Då dei kom næmare innåt lægret og fekk sjå gullkalven og dansarflokkarne, då vart Moses so harm, at han kasta tavlorne frå seg nedunder fjellet og slo deim sund.

20 Og han tok kalven som dei hadde gjort, og kasta honom på elden og mulde honom i smått, og strådde dusti på vatnet, og det let han Israels-folket drikka av.

21 So sagde han med Aron: «Kva vondt hev dette folket gjort deg, sidan du laut føra deim upp i so stor ei synd?»

22 «Ver ikkje vreid på meg, herre bror!» svara Aron. «Du veit kor gjenomvondt det er, dette folket.

23 Dei sagde med meg: «Gjer oss ein gud som kann ganga framfyre oss! For me veit ikkje kvar det hev vorte av denne Moses, han som fylgde oss ut or Egyptarland.»

24 Då sagde eg til deim: «Den som hev noko gull på seg, lyt taka det av seg!» So gav dei meg gullet, og eg kasta det i elden; då kom denne kalven fram.»

25 Då Moses såg at folket var agelaust - for Aron hadde mist agen yver deim, til spott for fiendarne -

26 so gjekk han fram i lægerporten, og ropa: «Hit til meg alle Herrens menner!» Då flokka heile Levi-ætti seg um honom,

27 og han sagde til deim: «So segjer Herren, Israels Gud: «Spenn sverdet på dykk, alle mann! Gakk att og fram i lægret, frå port til port, og hogg ned for fote, både brør og vener og frendar!»»

28 Levi-sønerne gjorde som Moses sagde, og den dagen fall det av folket ikring tri tusund mann.

29 For Moses sagde: «I dag lyt de vigja dykk åt Herren, um det so er med blodet av sønerne og brørne dykkar; so skal han i dag gjeva dykk si velsigning!»

30 Dagen etter sagde Moses med folket: «De hev gjort ei stor synd. No vil eg stiga upp til Herren og beda um nåde for dykk.»

31 So gjekk Moses attende til Herren og sagde: «Ai ei, dette folket hev gjort ei stor synd: dei hev laga seg ein gud av gull.

32 Å gjev du kunde gløyma syndi deira! Kann du ikkje, so strjuk meg ut or boki di som du skriv i!»

33 Då sagde Herren til Moses: «Den som syndar mot meg, honom stryk eg ut or boki mi.

34 Gakk no du, og fylg folket dit som eg hev sagt deg! Sjå, engelen min skal ganga framfyre deg. Men når min time kjem, vil eg heimsøkja deim for syndi deira.»

35 Og Herren førde ulukka yver folket for di dei hadde gjort kalven, den som Aron laga åt deim.

33. kapitlet

1 Sidan sagde Herren til Moses: «Tak ut herifrå, både du og det folket du fylgde ut or Egyptarland, og far til det landet som eg lova Abraham og Isak og Jakob då eg sagde: «Di ætt vil eg gjeva det,

2 og eg vil senda ein engel framfyre dykk og driva ut kananitarne, både amoritar og hetitar og perizitar, hevitar og jebusitar.»

3 Far til det landet som fløymer med mjølk og honning! Men eg vil ikkje vera i fylgje med deg; for de er eit hardkyndt folk! eg kunde koma til å gjera av med dykk på vegen.»

4 Då folket høyrde desse harde ordi, vart dei sorgfulle, og ingen tok på seg høgtidsbunaden sin.

5 For Herren sagde til Moses: «Seg til Israels-folket: «De er eit hardlyndt folk! fylgdest eg med dykk um det var aldri so lite bil, so laut eg gjera ende på dykk. Men tak no av dykk høgtidsskrudet, so skal eg sjå kva eg kann gjera for dykk!»»

6 Då reiv Israels-folket av seg høgtidsskrudet, og bar det ikkje meir etter dei hadde teke ut ifrå Horeb.

7 Moses tok jamleg og sette upp tjeldet for honom utanfor lægret, eit godt stykke ifrå; han kalla det møtetjeldet, og alle som vilde finna Herren, gjekk ut til møtetjeldet, som var utanfor lægret.

8 Og kvar gong Moses gjekk ut til tjeldet, so reiste alt folket seg, og stod, kvar i døri til si tjeldbud, og såg etter Moses, til han var komen åt tjeldet.

9 Og når Moses gjekk inn i tjeldet, då kom skystopulen ned og stod i tjelddøri, og han tala med Moses.

10 Og heile folket såg skystopulen, som stod i døri til møtetjeldet. Då reiste dei seg alle saman, og lagde seg på kne, kvar i døri til si tjeldbud.

11 Og Herren tala med Moses, andlit mot andlit, som ein mann talar med grannen sin. Sidan gjekk Moses attende til lægret; men Josva, Nunssonen, som var fylgjesveinen hans og gjekk honom til handa, heldt seg allstødt inni møtetjeldet.

12 Og Moses sagde til Herren: «Sjå, du segjer det til meg; «Fylg dette folket fram!» men eg fær ikkje vita kven du vil senda med meg, og du hev då sjølv sagt: «Eg kjenner deg vel, og eg hev fenge godvilje for deg.»

13 Kjære væne, hev du godvilje for meg, so syn meg då vegarne dine, so eg kann læra å kjenna deg, og vera deg til lags! Og kom so i hug at dette er ditt eige folk!»

14 Då sagde Herren til honom: «Når eg sjølv gjeng med, kann du då slå deg til tols?»

15 «Gjeng du ikkje sjølv med, so lat oss ikkje fara herifrå!» svara Moses.

16 «Kann då nokon vita at du hev godvilje for meg og for folket ditt, utan du gjeng med oss, so eg og folket ditt vert æra framfor alle folkeslag i heile verdi?»

17 Då sagde Herren til Moses: «Det du bed um, skal eg nok gjera; for eg likar deg godt, og kjenner deg for den mann du er.»

18 «Kjære deg, lat meg få sjå herlegdomen din!» sagde Moses.

19 Og han svara: «Eg skal fara fram midt for andlitet ditt i fagraste hamen min, og ropa Herrens namn med det same eg fer framum deg, og eg skal vera so mild som eg kann, og spara so mange som eg kann;

20 men», sagde han, «du kann ikkje få sjå andlitet mitt; for inkje menneskje som ser meg, kann liva.

21 Sjå her innmed meg på berget er eit rom,» sagde Herren, «der kann du standa,

22 og når herlegdomen min fer framum, so skal eg setja deg i denne bergskori, og halda handi mi yver deg, til dess eg hev kome framum.

23 Då skal eg taka handi mi burt att; so kann du sjå meg attantil; men andlitet mitt fær ingen sjå.»

34. kapitlet

1 So sagde Herren til Moses: «Hogg deg ut tvo steintavlor liksom dei fyrste, so skal eg på deim skriva dei same ordi som stod på dei fyrste tavlorne, deim du slo sund.

2 Haldt deg so ferdig til i morgon tidleg! Då skal du stiga upp på Sinaifjellet, og venta på meg der, på fjelltinden.

3 Ingen må vera med deg upp, og ingen må syna seg på heile fjellet; heller ikkje må naut eller sauer beita uppunder dette fjellet.»

4 So hogg Moses ut tvo steintavlor liksom dei fyrste, og dagen etter reis han upp i otta, og gjekk upp på fjellet, som Herren hadde sagt honom til, og hadde båe steintavlorne i handi.

5 Då steig Herren ned i skyi, og Moses gjekk innåt, og ropa Herren på namn.

6 Då for Herren fram midt for augo hans og ropa: «Det er Herren! Herren er ein mild og kjærleg Gud, tolug og full av nåde og truskap!

7 Han let si miskunn vara i tusund mannsaldrar; han tilgjev brot og misgjerning og synd; men han vil ikkje at den skuldige skal vera strafflaus: han hemner broti åt federne på borni og barneborni, ja på barnebarns-borni og borni etter deim att.»

8 Då kasta Moses seg snøgt å gruve og bad.

9 «Å Herre,» sagde han, «hev du noko godvilje for meg, so gjer vel og gakk med oss! Um dette er eit hardkyndt folk, so tilgjev broti og synderne våre, og lata oss vera din eigen lyd!»

10 Og han svara: «Ja, eg vil gjera eit samband med deg; midt for augo åt heile folket ditt vil eg gjera slike under at det aldri hev vore set maken på heile jordi eller hjå noko folkeslag, og heile det folket du bur imillom, skal sjå Herrens verk, kor ageleg det er, og kor store ting eg skal gjera for deg.

11 Kom no i hug det eg segjer med deg i dag! Sjå no vil eg jaga amoritarne og kananitarne og hetitarne og perizitarne og hevitarne og jebusitarne: dei skal røma for deg.

12 Agta deg då so du ikkje gjer noko samband med deim som bur i det landet du kjem til! For bur dei imillom dykk, so kunde dei verta ei snara for dykk.

13 De skal riva ned altari deira og slå sund minnesteinarne og hogga dei heilage trei.

14 Du skal ikkje beda til nokon annan gud; for Herren heiter den Strenge; han er ein streng Gud.

15 Aldri må du gjera noko samband med deim som bur der i landet. For når dei held seg med gudarne sine og blotar til deim, so vil dei beda deg til seg, og du vil eta av blotmaten deira;

16 du vil gifta sønerne dine med døtterne deira, og dei vil halda seg med gudarne sine og lokka sønerne dine til å gjera det same.

17 Gjer deg ikkje støypte gudebilæte!

18 Søtebrødhelgi skal du halda: sju dagar skal du eta søtt brød, so som eg hev sagt deg, på den tid eg hev sett, i aksmånaden; for i aksmånaden tok du ut frå Egyptarland.

19 Alt som kjem fyrst frå morsliv, skal høyra meg til, alt bufeet ditt som er han av slaget og som fell fyrst undan naut eller sau.

20 Det fyrste fylet som fell undan eit asen, skal du løysa med eit lamb eller kid, og løyser du det ikkje, so skal du brjota nakken på det. Kvart sveinbarn i ætti di som er frumbore, skal du løysa. Og ingen må lata seg sjå tomhendes for augo mine.

21 Seks dagar lyt du arbeida, men den sjuande dagen skal du kvila; um det so er i våronni eller skurdonni, so skal du kvila den sjuande dagen.

22 Sjuvikehelgi skal du halda når du tek inn fyrstegrøda av kveitehausten, og hausthelgi når året er utrunne.

23 Tri gonger um året skal alle karfolki dine møta for Drotten, for Herren, Israels Gud.

24 For eg vil driva ut heile folkeslag der du fer fram, og vidka ut riket ditt, og ingen skal trå etter landet ditt medan du fer upp og møter for Herren, din Gud - tri vendor um året.

25 Du skal ikkje bera fram blodet av offerdyri mine attåt syrt brød, og ikkje må påskehelgofferet verta liggjande natti yver, til morgondagen.

26 Det allerfyrste av grøda på marki di skal du bera til huset åt Herren, din Gud. Du skal ikkje sjoda kidet i mjølki åt mor si.»

27 Og Herren sagde til Moses: «Skriv no du upp desse ordi! For etter desse ordi vil eg gera eit samband med deg og med Israel.»

28 Han var der hjå Herren, fyrti dagar og fyrti næter, og ikkje åt han og ikkje drakk han. Og Herren skreiv sambandslovi, dei ti bodordi, på tavlorne.

29 So gjekk Moses ned av Sinaifjellet med dei tvo lovtavlorne i handi, og då han kom ned, stråla og skein det av andlitet hans, av di at Gud hadde tala med honom, men sjølv visste han det ikkje.

30 Og Aron og heile Israels-folket såg at det skein av andlitet hans Moses, og dei torde ikkje ganga innåt honom.

31 Då ropa Moses på deim, og so kom Aron og alle dei øvste av lyden hit til honom, og Moses tala med deim.

32 Sidan kom alt Israels-folket burtåt, og han bar fram alle dei bodi som Herren hadde gjeve honom på Sinaifjellet.

33 Og då Moses hadde sagt deim alt det han skulde, lagde han eit slør for andlitet sitt.

34 Men når han gjekk fram for Herrens åsyn og skulde tala med honom, tok han sløret burt, til han skulde ut att; so kom han ut og tala til Israels-folket det han var fyresagd.

35 Då såg Israels-folket korleis det stråla av andlitet hans Moses, og Moses hadde sløret for andlitet att, til dess han skulde inn og tala med Herren.

35. kapitlet

1 Og Moses kalla i hop heile Israels lyden, og sagde med deim: «Høyr no kva Herren vil de skal gjera:

2 Seks dagar lyt de arbeida og vera onnuge, men den sjuande dagen skal de halda heilag; han skal vera ein kviledag, vigd åt Herren. Kvar den som då gjer noko arbeid, skal lata livet.

3 Ingen av dykk må kveikja upp eld i huset sitt på kviledagen.»

4 Og endå sagde Moses med heile Israels-lyden: «Høyr no kva Herren segjer og vil:

5 «Tak ut ei reide til Herren av det som de eig! Alle som hev hjartelag til å gjeva noko, lyt koma med det, med reida til Herren: gull og sylv og kopar

6 og purpur og skarlak og karmesin og kvitt lingarn og geiteragg

7 og raudlita verskinn og markuskinn og akazietre

8 og olje til ljosestaken og kryddor til salvingsoljen og til den angande røykjelsen

9 og sjohamsteinar og andre dyre steinar til å setja på messehakelen og bringeduken.

10 Og dei av dykk som hev kunstgivnad, skal koma og gjera alt det som Herren hev sagt:

11 huset med raggetæpi og taket og krokarne og plankarne og tverstokkarne og stolparne og stabbarne,

12 kista og stengerne som ho skal berast etter, og kisteloket og forhengtæpet,

13 bordet med berestengerne og alt anna som til høyrer, og skodebrødi,

14 den skinande ljosestaken med det som høyrer til, og lamporne og oljen til ljosestaken,

15 røykjelsealtaret med berestengerne, som høyrer attåt, og salvingsoljen og den angande røykjelsen, og dørtæpet til husdøri,

16 brennofferaltaret med kopargrindi og berestengerne og alt anna som høyrer til, balja med foten under,

17 lereftsgarden, som skal vera kring tunet, med stolparne som høyrer attåt, og stabbarne som dei skal standa på, og tæpet til tunporten,

18 pålarne til huset og til lereftsgarden og togi som skal bindast i deim,

19 embætsskrudet til tenesta i heilagdomen, den heilage klædebunaden åt Aron, presten, og presteklædi til sønerne hans.»»

20 So gjekk heile Israels-lyden burt frå Moses,

21 og sidan kom dei, so mange som hjarta mana og hugen dreiv, og bar fram reidor åt Herren til arbeidet på møtetjeldet og til all tenesta der og til dei heilage klædi.

22 Dei kom både menner og kvende, alle som hjarta dreiv, og hadde med seg allslags gull: spenne og øyreringar og fingerringar og kulelekkjor; og sameleis kom alle dei som vilde vigja eit gulloffer åt Herren.

23 Og alle som hadde purpur eller skarlak eller karmesin eller kvitt lingarn eller geiteragg eller raudlita verskinn eller markuskinn, dei kom med det.

24 Alle som vilde gjeva ei sylvreida eller ei koparreida, kom til Herren med reida si, og alle som hadde akazietre til noko av det som skulde arbeidast, dei kom med det.

25 Kvar ei kona som skyna seg på sovore arbeid, spann med sine eigne hender, og kom med spunen: purpur og skarlak og karmesin og kvitt lingarn.

26 Og alle kvende som hadde hug og dug til det, spann geiteragget.

27 Hovdingarne kom med sjohamsteinar og andre dyre steinar til å setja på messehakelen og bringeduken,

28 og med kryddor og olje til ljosestaken og til salvingsoljen og den angande røykjelsen.

29 Kvar mann og kona av Israels-folket som hjarta dreiv til å hjelpa til med det store verket som Herren hadde sett Moses til å gjera, dei kom viljugt med ei gåva til Herren.

30 So sagde Moses til Israels-folket: «Høyr her! Herren hev kåra og kalla Besalel, son åt Uri Hursson, av Juda-ætti,

31 og fyllt honom med guddomsånd, med kunstgivnad og vit og kunnskap og godt lag til alt handverk,

32 so han kann emna til fagre ting og smida deim ut i gull og i sylv og i kopar,

33 og ferda til glimesteinarne som skal setjast på presteskrudet, og skjera ut i tre, og greida allslags kunstarbeid.

34 Og gåva til å læra frå seg hev han lagt både i honom og Åhåliab, son åt Akhisamak, av Dans-ætti.

35 Han hev fyllt deim med kunstnarånd, so dei kann både smida og snikra, og gjera åklæde med innvovne bilæte og rosor av purpur og skarlak og karmesin og kvitt lingarn, og veva kva dei vil, alt arbeid kann dei greida, og kunstverk kann dei skapa.

36. kapitlet

1 Og Besalel og Åhåliab og alle dei andre kunstnarane, som Herren hadde gjeve vit og kunnskap, so dei veit korleis kvar ting skal gjerast, dei skal då laga til alt som skal arbeidast åt heilagdomen, etter det som Herren hev sagt.»

2 So kalla Moses til seg Besalel og Åhåliab og alle hage menner som hadde fenge kunstnargåva frå Herren, alle som hugen dreiv til å taka fat på verket og fullføra det.

3 Og dei fekk hjå Moses alt tilfanget til det som skulde arbeidast åt heilagdomen, alle dei gåvorne som Israels-borni var kome med. Men folket bar av seg sjølve nye gåvor til honom kvar morgon.

4 Og alle dei meistrarne som stod fyre alt arbeidet på heilagdomen, kom ein for ein til Moses frå arbeidet sitt,

5 og sagde: «Folket kjem med mykje meir enn me treng til det verket som Herren vil ha gjort.»

6 Då let Moses ropa ut yver heile lægret: «Anten det er mann eller kvende, so tarv ingen syta for fleire gåvor til heilagdomen!» So let folket vera å koma med meir.

7 Men det vyrket som var frambore var nok, og meir enn nok, til alt arbeidet som skulde gjerast.

8 So tok då alle dei hagaste handverkararne til å arbeida på gudshuset. Dei gjorde det av ti åklædevever av kvitt tvinna lingarn og purpur og skarlak og karmesin, og i deim var det innvove fagre englebilæte.

9 Kvar vev var åtte og tjuge alner lang og fire alner breid; alle veverne heldt same målet.

10 Fem av veverne skøytte dei i hop til eit tæpe, og like eins dei hine fem veverne.

11 I jaren på den fyrste veven, ytst på det eine tæpet, gjorde dei lykkjor av purpurgarn, og sameleis i jaren på den ytste veven i det andre tæpet.

12 Femti lykkjor sette dei på den fyrste veven, og femti lykkjor i jaren på den som høyrde til det andre tæpet, soleis at lykkjorne svara mot kvarandre.

13 Og femti gullkrokar gjorde dei og hekta åklædetæpi i hop med, so det vart eitt hus av deim.

14 So vov dei ryor av geiteragg til tekkja yver huset; elleve ryor vov dei.

15 Kvar vev var tretti alner lang og fire alner breid; alle dei elleve veverne heldt same målet.

16 Fem av ryeveverne skøytte dei i hop til eit tæpe for seg, og dei hine seks til eit anna tæpe.

17 I jaren på den ytste veven i det eine tæpet gjorde dei femti lykkjor, og i jaren på den andre skøytingsveven femti lykkjor.

18 Og femti koparkrokar gjorde dei til å festa raggetæpi i hop med, so det skulle verta eit tak av deim.

19 Sidan gjorde dei eit tak av raudlita verskinn til å leggja yver raggetæpi, og eit tak av markuskinn til å leggja ovanpå det att.

20 So gjorde dei plankarne til husveggjerne. Dei var av akazietre, og vart reist på ende.

21 Ti alner lange var dei og halvonnor aln breide,

22 og på kvar planke var der tvo tappar med ei tverlist imillom. So gjorde dei med alle plankarne til huset.

23 Tjuge av dei plankarne som dei gjorde til huset, var etla åt solsida, sudsida.

24 Og fyrti sylvstabbar gjorde dei til å setja under desse tjuge plankarne, tvo stabbar under kvar planke, so båe tapparne kunne festast i deim.

25 Til den andre sida av huset, nordsida, gjorde dei og tjuge plankar,

26 med sine sylvstabbar, tvo til kvar planke.

27 Til baksida av huset, vestsida, gjorde dei seks plankar,

28 og til hyrno på den same sida, tvo plankar;

29 dei var tviluta alt nedantil, og båe luterne held fullt mål heilt upp åt taket, til den fyrste ringen. So gjorde dei med båe tvo, med båe hyrnoplankarne.

30 Soleis kom det på baksida åtte plankar med sine sylvstabbar, sekstan sylvstabbar, tvo til kvar planke.

31 So gjorde dei tverstokkar av akazietre, fem til den eine langveggen på huset,

32 og fem til den andre langveggen, og fem til tverveggen på baksida av huset, mot vest.

33 Og midstokken laga dei so at ho skulde ganga tvert yver frå ende til ende, midt etter plankeveggen.

34 Plankarne klædde dei med gull, og ringarne på deim, som tverstokkarne skulde liggja i, gjorde dei heiltupp av gull. Tverstengerne klædde dei og med gull.

35 So gjorde dei forhenget. Det var av purpur og skarlak og karmesin og kvitt tvinna lingarn; væne englebilæte vov dei inn i.

36 Dei gjorde fire akaziestolpar til å hengja det på, og klædde deim med gull; hakarne på deim var av gull, og dei støypte fire sylvstabbar til deim.

37 Til tjelddøri gjorde dei eit tæpe av purpur og skarlak og karmesin og kvitt tvinna lingarn. Det var utsauma med rosor;

38 dei gjorde fem stolpar til det, med hakarne som høyrde attåt, og klædde stolpehovudi og teinarne med gull; og dei fem stabbarne som høyrde til, gjorde dei av kopar.

37. kapitlet

1 So gjorde Besalel kista; ho var av akazietre, halvtridje aln lang og halvonnor aln breid og halvonnor aln høg.

2 Han klædde henne med skirt gull både innan og utan, og gjorde ein gullkrans på henne rundt ikring.

3 Og han støypte fire gullringar, som han feste i dei fire føterne på kista, tvo på den eine sida og tvo på den andre.

4 So gjorde han stenger av akazietre, og klædde deim med gull,

5 og smøygde deim inn i ringarne på sidorne av kista, til å bera henne etter.

6 So gjorde han eit lok av skirt gull, halvtridje aln lang og halvonnor aln breid.

7 På endarne av det gjorde han tvo kerubar; av drive gull gjorde han deim,

8 den eine keruben ytst på den eine enden og den andre ytst på hin enden; i eitt med loket gjorde han kerubarne, ein på kvar ende.

9 Kerubarne heldt vengjerne utbreidde og upplyfte, so dei tekte yver loket med vengjerne sine, og andliti deira snudde mot kvarandre; dei vende augo mot loket.

10 So gjorde han bordet; det var av akazietre, tvo alner langt og ei aln breidt og halvonnor aln høgt.

11 Han klædde det med skirt gull, og gjorde ein gullkrans på det, rundt ikring.

12 Ei løvdebreid list gjorde han rundt um det, og på listi sette han og ein gullkrans, som gjekk heilt ikring.

13 So støypte han fire gullringar og sette i hyrno på dei fire bordføterne.

14 Ringarne sat tett uppmed listi; dei var til å smøygja berestenger inn i.

15 Stengerne gjorde han av akazietre, og klædde deim med gull; deim var det bordet skulde berast etter.

16 So gjorde han dei kjeraldi som skulde setjast på bordet, fati og skålerne som høyrde til, og bollarne og kannorne som skulde skjenkjast drykkoffer av, alt av skirt gull.

17 So gjorde han ljosestaken; den var av skirt gull, og drive arbeid var det, både hoven og leggen. På staken var det blomar, med knuppar og utsprotne blad, og dei var samgjorde med honom.

18 Seks armar greina seg ut ifrå honom, tri på den eine sida og tri på den andre.

19 På den eine armen var det tri utsprotne mandelblomar, med knupp og blad, og på den andre armen var og tri utsprotne mandelblomar, med knupp og blad, og soleis på alle dei seks armarne som greina seg ut ifrå ljosestaken.

20 På sjølve staken var det fire utsprotne mandelblomar, med knupp og blad,

21 ein blomsterknupp under dei fyrste tvo armarne, og ein under dei næste tvo armarne, og ein under det tridje paret av dei seks armarne som greina seg ut ifrå ljosestaken.

22 Både blomsterknupparne og armarne var samsmidde med staken; alt var eit heilgjort arbeid av drive, skirt gull.

23 Sidan gjorde han lamporne til ljosestaken, sju i talet, og sakserne og saksplatorne som høyrde til, alt av skirt gull.

24 Tri vågar skirt gull bruka han til ljosestaken og alle desse gognerne.

25 So gjorde han røykjelsealtaret av akazietre, ei aln langt og ei aln breidt, firkanta, og tvo alner høgt. Horni på det var i eitt med sjølve altaret.

26 Han klædde det med skirt gull, både ovanpå og rundt ikring på sidorne og på horni, og gjorde ein gullkrans på det, heilt ikring.

27 Nedanfor kransen på dei tvo sidorne sette han tvo gullringar, tvo på kvar sida, til å smøygja stenger inn i som altaret skulde berast etter.

28 Stengerne og gjorde han av akazietre, og klædde deim med gull.

29 So laga han den heilage salvingsoljen og den reine, angande røykjelsen på same måten som apotekarane gjer det.

38. kapitlet

1 So gjorde han brennofferaltaret av akazietre, fem alner langt og fem alner breidt, firkanta, og tri alner høgt.

2 På kvart av dei fire hyrno gjorde han eit horn, og horni var i eitt med altaret. Heile altaret klædde det med kopar.

3 Sidan gjorde han alle gognerne som høyrde til altaret: fati og eldskuflerne og blodbollarne og steikjespiti og glodpannorne; alle desse gognerne gjorde han av kopar.

4 So laga han ei kopargrind til altaret på gjerd som eit net; den sette han under altarskori, nedantil, so ho rakk midt uppå altaret.

5 Og han støypte fire ringar og sette i dei fire hyrno på kopargrindi, til å smøygja stenger inn i.

6 Stengerne gjorde han av akazietre, og klædde deim med kopar,

7 og so smøygde han deim inn i ringarne på sidorne av altaret, so det kunde berast etter deim. Altaret gjorde han av bord, so det var holt.

8 So gjorde balja med foten under av kopar. Til det bruka han speglarne åt dei kvendi som gjorde tenesta i døri til møtetjeldet.

9 So emna han til gjerde kring tunet: Til solsida, den sida som snudde mot sud, gjorde han ein gard av kvitt linlereft, hundrad alner lang,

10 og til den tjuge stolpar, med tjuge koparstabbar og hakar og teinar av sylv.

11 Til nordsida gjorde han og ein lereftsgard som var hundrad alner lang, og tjuge stolpar med kvar sin koparstabbe og hakar og teinar av sylv.

12 Til vestsida gjorde han ein lereftsgard på femti alner med ti stolpar, og til deim ti stabbar og sylvhakar og sylvteinar.

13 Til framsida, austsida, som og var femti alner,

14 gjorde han femtan alner lereftsgard til den eine leidi, med tri stolpar og stabbarne som høyrde til,

15 og til den andre leidi, både til den eine og den andre sida åt tunporten, femtan alner lereftsgard og tri stolpar med kvar sin stabbe.

16 Heile garden rundt ikring tunet var av kvitt linlereft.

17 Stabbarne som stolparne skulde standa på, var av kopar, men hakarne og teinarne var av sylv, og like eins ålaget på stolpehovudi. Dei var bundne i hop med sylvteinar, alle gardstolparne.

18 Tæpet til tunporten var utsauma med rosor av purpur og skarlak og karmesin og kvitt tvinna lingarn. Det var tjuge alner langt, og fem alner høgt, etter vevbreiddi, liksom tungarden.

19 Stolparne det skulde hanga på, var fire i talet, og sameleis stabbarne som høyrde til. Stabbarne var av kopar. Hakarne var av sylv. Ålaget på stolpehovudi og teinarne var og av sylv.

20 Alle pålarne til huset og til garden rundt ikring var av kopar.

21 No skal de høyra kor mykje det gjekk med til huset, til det huset som gøymde Guds lov; for Moses sette Levi-sønerne til å rekna det yver, og Itamar, son åt Aron, presten, stod fyre rekningi.

22 Men Besalel, son åt Uri Hursson, av Juda-ætti, var den som gjorde alt det som Herren hadde tala til Moses um,

23 og i lag med honom Åhåliab, son åt Akhisamak, av Dans-ætti, ein meister til å smida og snikra og veva åklæde med bilæte og rosor av purpur og skarlak og karmesin og kvitt lingarn -:

24 Alt gullet som vart bruka til det som skulde arbeidast åt heilagdomen, heile gullmengdi som vart gjevi i offergåva, var ni og tjuge talentar og fem og fyrti merker og ti lodd, etter heilag vegt.

25 Og sylvet som kom inn då dei heldt manntal yver lyden, det var hundrad talent og hundrad og ti merker og femtan lodd etter heilag vegt:

26 ein beka eller eit halvt lodd etter heilag vegt for kvar mann som kom med i manntalet, frå tjugeårsalderen og uppetter, og det var seks hundrad og tri tusund og fem hundrad og femti mann.

27 Dei hundrad talenti med sylv vart bruka til å støypa stabbarne til heilagdomen og forhenget, hundrad stabbar av dei hundrad talenti; det gjekk med eitt talent til kvar stabbe.

28 Og dei hundrad og ti merkerne og femtan loddi bruka dei til hakar på stolparne og ålag yver deim og til teinar som skulde binda deim i hop.

29 Koparen som vart gjeven i offergåva, var sytti talent og hundrad og femti merker.

30 Av den gjorde dei stabbarne til møtetjelddøri, og koparaltaret med kopargrindi som høyrer til, og alle altargognerne,

31 og stabbarne til garden rundt ikring tunet, og stolparne til tunporten, og alle pålarne til huset og garden rundt ikring.

39. kapitlet

1 Av purpuret og skarlaket og karmesinet gjorde dei embætsskrud til tenesta i heilagdomen og laga den heilage klædbunaden åt Aron, soleis som Herren hadde sagt Moses fyre.

2 Messehakelen gjorde dei av gull og purpur og skarlak og karmesin og kvitt tvinna lingarn.

3 Dei hamra gullet ut i plator og klypte det upp til tråd, so det kunde virkast inn i purpuret og skarlaket og karmesinet og det kvite lingarnet med kunstvevnad.

4 So gjorde dei aksleband til å festa innåt messehakelen; med deim vart han hekta i hop på båe endarne.

5 Livgjordi som var på messehakelen og skulde spennast um honom, var like eins vovi og av same tyet - av gull og purpur og skarlak og karmesin og kvitt tvinna lingarn - soleis som Herren hadde sagt Moses fyre.

6 So ferda dei til sjohamsteinarne, og felte deim inn i fatingar av tvinna gull. Namni åt Israels-sønerne var inngravne på deim som på ein seglring,

7 og dei vart sette på akslebandi åt messehakelen til minna um Israels-sønerne, soleis som Herren hadde sagt Moses fyre.

8 So gjorde dei bringeduken. Han var vænt rosa liksom messehakelen, med gull og purpur og skarlak og karmesin og kvitt tvinna lingarn.

9 Firkanta gjorde dei bringeduken og tvilagd; ei spann på lengdi og ei spann på breiddi var han, og tvilagd.

10 Og fire rader med dyre steinar sette dei på honom: I ei rad var ein karneol og ein topas og ein smaragd; det var den fyrste radi.

11 I den andre radi var ein rubin og ein safir og ein beryll,

12 og i den tridje radi ein hyacint og ein agat og ein ametyst,

13 og i den fjorde radi ein krysolit og ein sjoham og ein jaspis. Dei vart innfelte i fatingar av tvinna gull.

14 Steinarne var so mange som Israels-sønerne, tolv, so dei svara til talet deira, og på kvar stein var namnet åt ei av dei tolv ætterne inngrave som på ein seglring.

15 So laga dei lekkjor av skirt gull, slyngde som snorer, til bringeduken.

16 Og dei gjorde tvo gullsylgjor og tvo gullringar, og sette ringarne i kvar sitt hyrna på bringeduken.

17 Dei tvo gullsnorerne feste dei i dei tvo ringarne som sat i hyrno på bringeduken,

18 og dei hine tvo endarne av båe snorerne feste dei i dei tvo sylgjorne, og sylgjorne sette dei på akslebandi åt messehakelen, på framsida.

19 So gjorde dei tvo andre gullringar og sette i dei hine tvo hyrno på bringeduken, på den sida som vender inn imot messehakelen.

20 Og endå tvo gullringar gjorde dei og sette på båe akslebandi åt messehakelen, nedantil på framsida, der som han var hekta i hop, ovanfor livgjordi,

21 og so batt dei med ei purpursnor ringarne på bringeduken i hop med ringarne på messehakelen, so bringeduken sat ovanfor livgjordi og ikkje kunde rikkast frå messehakelen, soleis som Herren hadde sagt Moses fyre.

22 So gjorde dei prestekjolen, som var til å bera under messehakelen; han var voven og all igjenom av purpur.

23 Midt på honom var det eit halssmog som på ei brynja, og kringum halssmoget ei borda, so han ikkje skulde rivna.

24 I falden på kjolen sette dei duskar, på gjerd som granateple, av tvinna purpurgarn og skarlak og karmesin,

25 so gjorde dei bjøllor av skirt gull og sette rundt ikring på kjolefalden, millom duskarne:

26 fyrst ei bjølla og ein dusk, so ei bjølla og ein dusk att, og soleis rundt heile kjolefalden, til å bruka ved gudstenesta, soleis som Herren hadde sagt Moses fyre.

27 So gjorde dei vovne underkjolar av fint lin til Aron og sønerne hans,

28 og ei kvit linhuva, og prydelege hovudplagg av kvitt lin, og lereftsbrøker av kvitt tvinna lingarn,

29 og ei livgjord med rosor av kvitt tvinna lingarn og purpur og skarlak og karmesin, soleis som Herren hadde sagt Moses fyre.

30 So gjorde dei gullspongi, det heilage hovudgullet, og på den grov dei inn, som i ein seglring: «Vigd åt Herren,»

31 og dei sette ei purpursnor i henne, og feste henne ovantil på huva, soleis som Herren hadde sagt Moses fyre.

32 No var det ferdigt alt det som skulde arbeidast åt møtetjeldhuset, og Israels-folket hadde i eitt og alt gjort det soleis som Herren hadde sagt Moses fyre.

33 So kom dei då til Moses med huset: tjeldet med alt det som høyrde til det: krokarne og plankarne og tverrstokkarne og stolparne og stabbarne

34 og det raudlita verskinnstaket og markuskinns-taket og forhengtæpet,

35 lovtavlekista med berestengerne og loket,

36 bordet med alle dei ting som høyrde til det, og skodebrødi,

37 gull-ljosestaken med lamporne som var sette i rad og alt anna som høyrde til,

38 gullaltaret og salvingsoljen og den angande røykjelsen og tæpet til tjelddøri,

39 koparaltaret med kopargrindi og berestengerne og alt anna som høyrde attåt, balja og foten ho skulde standa på,

40 lereftsgarden til tunet med stolparne og stabbarne som høyrde til og tæpet til tunporten og togi og pålarne og alt det som skulde brukast til den heilage tenesta i gudshuset, i møtetjeldet,

41 embætsskrudet til tenesta i heilagdomen, den heilage klædebunaden til Aron, presten, og messeklædi til sønerne hans.

42 Som Herren hadde sagt Moses fyre, heiltupp soleis hadde Israels-folket gjort alt arbeidet.

43 Og Moses skoda heile verket, og då han såg at det var ferdigt, og at dei i alle måtar hadde gjort det soleis som Herren hadde sagt, so velsigna han deim.

40. kapitlet

1 Då tala Herren til Moses, og sagde:

2 «Den fyrste dagen i den fyrste månaden skal du reisa møtetjeldhuset.

3 Der skal du setja lovtavlekista, og hengja forhenget attfor kista.

4 So skal du setja inn bordet, og på det skal du skipa det som på det skal vera. Og du skal bera inn ljosestaken, og setja upp lamporne på honom.

5 Det gullklædde røykjelsesaltaret skal du setja framanfor lovtavlekista, og so skal du hengja upp dørtæpet i husdøri.

6 Brennofferaltaret skal du setja framanfor døri til møtetjeldhuset,

7 og balja skal du setja millom møtetjeldet og altaret, og hava vatn upp i henne,

8 og so skal du setja upp garden kring tunet, og hengja upp tæpet i tunporten.

9 Sidan skal du taka salvingsoljen, og salva huset og alt som i det er, og vigsla både huset og all bunaden i det, so det vert heilagt.

10 Og du skal salva brennofferaltaret og alt det som til høyrer, og vigsla altaret, og då skal altaret vera høgheilagt.

11 Og du skal salva balja og foten ho stend på og vigsla henne.

12 So skal du kalla Aron og sønerne hans burtåt møtetjelddøri, og två deim med vatn,

13 og du skal klæda Aron i den heilage klædebunaden, og salva honom og vigsla honom, og so skal han vera prest for meg.

14 Og sønerne hans skal du og kalla fram og klæda deim med underkjolar,

15 og salva deim, liksom du salva far deira, so dei kann vera prestar for meg, og salvingi skal gjeva deim retten til preste-embættet, mann etter mann, i all æva.»

16 Og Moses gjorde so: han gjorde i alle måtar som Herren sagde honom fyre.

17 Den fyrste månaden av det andre året, den fyrste dagen i månaden, var det at huset vart reist.

18 Då reiste Moses huset: han sette ned stabbarne og reiste upp plankarne, lagde inn tverstokkarne og sette upp stolparne,

19 so spana han ut tjeldet yver huset, og lagde tjeldtaket ovanpå, alt soleis som Herren hadde sagt Moses fyre.

20 So tok han og lagde lovtavlorne ned i kista, og sette stengerne i, og sette loket yver kista.

21 Og kista sette han inn i gudshuset, og feste upp forhengtæpet, so det hekk attfor lovtavlekista, alt soleis som Herren hadde sagt Moses fyre.

22 So sette han bordet i møtetjeldet, innåt nørdre husveggen, utanfor forhenget,

23 og skipa brødi i rader på det for Herrens andlit, alt soleis som Herren hadde sagt Moses fyre.

24 Ljosestaken sette han og i møtetjeldet, midt for bordet, innmed søre husveggen,

25 og sette upp lamporne for Herrens åsyn, alt soleis som Herren hadde sagt Moses fyre.

26 Gullaltaret og sette han i møtetjeldet, framanfor forhenget,

27 og brende angande røykjelse på det, alt soleis som Herren hadde sagt Moses fyre.

28 So hengde han upp dørtæpet,

29 og sette brennofferaltaret frammed døri til møtetjeldhuset, og ofra brennoffer og grjonoffer på det, alt soleis som Herren hadde sagt Moses fyre.

30 Balja sette han millom møtetjeldet og altaret, og hadde vatn i henne som dei skulde två seg med,

31 og Moses og Aron og sønerne hans tok av vatnet og tvo hender og føter;

32 kvar gong dei gjekk inn i møtetjeldet eller fram åt altaret, so tvo dei seg, alt soleis som Herren hadde sagt Moses fyre.

33 So sette han upp garden kringum huset og altaret, og hengde upp tæpet i tunporten, og so var Moses ferdig med verket.

34 Då sveipte skyi seg kringum møtetjeldet, og herlegdomen åt Herren fyllte huset.

35 Og Moses kunde ikkje koma inn i møtetjeldet, av di at skyi låg yver tjeldet, og herlegdomen åt Herren fyllte huset.

36 Og kvar gong skyi lyfte seg ifrå gudshuset, tok Israels-folket ut; so gjorde dei på alle ferderne sine.

37 Men når skyi ikkje lyfte seg, so tok dei ikkje ut, men drygde til den dagen ho lyfte seg att.

38 For Herrens sky låg yver huset um dagen, og um natti skein ho som eld for augo åt heile Israels-ætti på alle ferderne deira.

Opphavsrett: Studentmållaget i Oslo © 1921 - 2024